Venstre skeptisk til høgredreiing i regjeringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre skeptisk til høgredreiing

Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner at statsminister Erna Solbergs draum om ei firepartiregjering er i ferd med å svinne hen etter statsrådsendringane.

– Med dette tek regjeringa eit godt steg bort til høgre for oss, og vi får to statsrådar som begge er klimafornektarar med ein retorikk som ikkje akkurat er inkluderande, seier Grande og tenkjer på innvandringsminister Sylvi Listhaug og justisminister Per-Willy Amundsen.

– Eg er spent på om statsministeren stiller krav om at dei held seg til den felles politikken det er semje om. Statsrådane rundt bordet må kunne respektere dette, seier Grande.

Solberg inn i valåret med fornya mannskap
– Vi har skifta ut tre statsrådar i statsråd i dag, sa Solberg då ho stilte opp saman med dei tre nye statsrådane til ein kort fotoseanse på Slottsplassen i Oslo.

Regjeringssjefen var flankert av Frank Bakke-Jensen frå Høgre og dei to Frp-politikarane Per-Willy Amundsen og Terje Søviknes, som no alle skal inn i regjeringa.

Solberg skulle gjere greie for rokeringane på ein pressekonferanse i statsministerbustaden seinare tysdag ettermiddag.

Dei sedvanlege nøkkeloverrekkingane følgjer etter det.

Frank Bakke-Jensen (t.h.) frå Høgre og dei to Frp-politikarane Per-Willy Amundsen og Terje Søviknes (t.v.).

Aspaker ut
Europaminister Elisabeth Vik Aspaker (H) går ut av regjeringa. Inn kjem Frank Bakke-Jensen (H), som har sete i næringskomiteen på Stortinget sidan 2009.

Vik Aspaker har vore med i Solbergs mannskap sidan 2013, først som fiskeriminister og den siste tida som statsråd med ansvar for EU- og EØS-saker. Ho har fått jobb som fylkesmann i Troms.

Framstegspartiets Per-Willy Amundsen tek over som justis- og beredskapsminister etter partifellen Anders Anundsen.

Det er òg klart at Frps Terje Søviknes gjer comeback i rikspolitikken når han tek over stillinga som olje- og energiminister etter Tord Lien (Frp).

Nye Frp-ansikt
Amundsen bed om å bli vurdert ut ifrå jobben han gjer som statsråd og ikkje på bakgrunn av sine tidlegare utsegner i opposisjon.

– Eg skal vere ein justis- og beredskapsminister for alle og heile Noreg, seier Amundsen til NTB.

Han erkjenner at han er kontroversiell alt før han har starta i jobben.

– Eg har vore opposisjonspolitikar i mange år og hatt mange skarpe utsegner. Det veit alle som har følgt meg. Mange har skarpe meiningar om meg, og det aksepterer eg.

Det er spesielt Amundsens utsegner om klimapolitikk og innvandringspolitikk som har gjort han omstridt.

Søviknes er òg kontroversiell. Han trekte seg frå alle rikspolitiske verv i 2001 etter at det blei kjent at han hadde hatt seksuell omgang med ein 16-årig jente etter eit landsmøte i Framstegspartiets Ungdom.

Lien er ifølgje Adresseavisen høgaktuell som regiondirektør i NHO i Trøndelag. (©NPK)