Sjåførar utan førarkort står for ein av ti dødsulykker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ulovlege førarar skapar ulykker

Ein gjennomgang som Transportøkonomisk institutt (TØI) har gjort av over 1.800 dødsulykker i trafikken i perioden 2005 til 2014, viser at meir enn kvar tiande dødsulykke i trafikken skjer med ein sjåfør utan førarkort eller som køyrer eit stole køyretøy.

I alt blei det registrert 185 dødsulykker der føraren som var skyld i ulykka mangla førerett. Blant dei utløysande køyretøya var det 122 bilar og 49 motorsyklar, mens dei andre var mopedar, ATVer, beltemotorsyklar og ein traktor. I tillegg var det seks ulykker der føraren hadde førerett, men kor køyretøyet var stole.

– Dette er alvorleg. Det er klart at det er eit stort problem når så mange ulykker blir utløyst av førarar som ikkje har lov til å køyre bil, seier forskar Fridulv Sagberg i TØI til NRK.

I meir enn 80 prosent av dødsulykkene med førarar utan førerett er høg fart eller rus medverkande årsak.

– Ein svært høg del av desse er rusa, og mange har også hatt høg fart. Unge førarar er overrepresentert når det gjeld dødsulykker med motorsyklar, seier Sagberg.

TØI meiner at dei fleste av desse dødsulykkene kunne vore hindra med alkolås eller fartsgrensestyrt fartssperre i alle køyretøy. Elektronisk førarautentisering som gjer at berre førarar med lovleg tilgjenge til køyretøyet får køyre, er ytterlegare eit tiltak som kan redusere ulykkesfrekvensen.

Meir bilnytt:
Fleire tek førarkort berre for automatgir

MDG vil gi bygdefolk sponsa elbil