Kvardagsmat-Anita sine beste juleoppskrifter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 19:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deler sine beste juleoppskrifter

Bloggaren bak den populære matbloggen Kvardagsmat, har ingen mål om å ha sju sortar i kakeboksane før jul.

– Men eg endar alltid opp med å lage ein ny type julekake kvart år. Eg fekk krumkakejarn med bestemor mi for nokre år sida, og det synest eg er stas å ta fram kvar advent. Så krumkaker og peparkaker blir det alltid, og så gjerne karamellar og fudge. Har kidsa lyst til å lage noko på tampen blir det kransekakestenger dyppa i sjokolade. Dei synest det er stas å få male mandlar på gamlekverna, seier småbarnsmora frå Ørsta.

Dei beste julekakene
Julekakefavorittane til Anita Stokke Blomvik (33) er Sarah Bernhardt og krumkaker med kardemommesmak (bildet).

– Nokon er kanskje leie av dei sju vanlege sortane småkaker – har du tips til nye julekaker å laga?

– Sarah Bernhardt har jo blitt kjempepopulær siste åra (sjå oppskrift lenger ned!), og det er lett å forstå når ein får smaken på det. Smultringar er også fint å leite fram igjen frå gløymeboka, den er det liksom bestemorgenerasjonen og bakeria som har hatt kontroll på – men det kan ein lett lage sjølv.

– Har du tips til etelege julepresangar som ein kan laga sjølv?

– På bloggen finn du både brente mandlar, karamellar og ulike typar fudge som er fine å gje vekk i gåve.

Muskatnøtt i rabbestappa
Matbloggaren har vakse opp med pinnekjøtt og rabbestappe, medan mannen hennar er gladast i svineribbe.

– Løysinga har blitt at vi har begge deler og dermed blir det min favoritt dagen etter: restemiddag. Då eg var born var rabbestappa det beste med heile julemiddagen, og framleis synest eg det smakar himmelsk. Den må sjølvsagt krydrast med muskatnøtt for å smake best mogleg.

Mange lesarar gjev motivasjon
Kvardagsmat.no var med i finalen i kåringa av verdas beste nynorske blogg i 2014 og 2015.

I år har bloggen fått ny design, og besøkstala held seg på kring 20.000 i veka. Instagram, Facebook og Snapchat kjem i tillegg.

– Det er veldig kjekt at så mange lesarar kjem tilbake og brukar oppskriftene som blir lagt ut –det gjev motivasjon til å fortsette, seier Anita Stokke Blomvik.

– Året 2016 har vore det første året at bloggen har gitt noko avkastning og eg kunne sikkert levd av det om eg gjekk inn for det. Men så er det så himla kjekt å stå opp og gå på jobb saman med kjekke kollegaer i ei av bygda sine hjørnesteinsbedrifter, seier Anita Stokke Blomvik, som til vanleg jobbar som salskonsulent for lysmaster og lyktestolpar i VikØrsta.

OPPSKRIFTER:

Foto: Kvardagsmat.no

Eplegløgg

Eplegløgg er varm og deilig krydra kosedrikk som er fint å servere til både små og store. Laga med mild eplejuice er denne barnevennleg, men likevel populær blant voksne med den deilige smaken og lukta av julekrydder.

Gløggen ser imponerande ut i gryta og du kan gjerne servere rett i frå den med ei ause -slik at gjestane får sjå kryddera og fruktskivene som lagar den gode smaken.

Kjøp med deg litt ekstra kanelstenger og anisstjerner, så kan du pynte kvar og ein av koppane med dette. Det blir litt ekstra stas!

Eplegløgg til 4 personar:

  • 1 l eplejuice
  • 1 eple
  • 1 mandarin
  • 1 ts nellikspiker
  • 1 stjerneanis (+4 ekstra til pynt)
  • 1 kanelstang (+ 4 ekstra til pynt)
  • 1 klype salt
  • 2,5 cm ingefærrot

Slik gjer du:

  1. Ha eplejuicen i ei vid gryte og varm opp til det ryk.
  2. Vask eple og mandarin godt og del opp i skiver.
  3. Skrell ingefærrot og del i grove bitar.
  4. Ha alt i gryta med eplejuice og la trekke på låg varm ei 20-30 min.
  5. Servér rykande varm med kanelstang og stjerneanis til pynt i kvart glas.

Sarah Bernhardt

Til ca 20 stk Sarah Bernhardt treng du:

Botn:

  • 200 g mandlar
  • 150 g melis
  • 2 eggekviter

Fyll:

  • 3 dl fløyte
  • 150 g mørk sjokolade

Topping:

  • 200 g mørk sjokolade
  • 3 ss kokosolje (eller delfiafeitt)

Slik gjer du:

Botn:

  1. Sett omnen på 180 grader.
  2. Mal mandlane.
  3. Bland i melis.
  4. Visp eggekvitene lett saman med ein gaffel. Rør inn eggekvitene i mandel-melis-massen.
  5. Del i 20 like store bitar og trill kuler som du set på eit bakepapirkledd steikebrett. Trykk kulene litt ned.
  6. Steik i ca 10 min til makronane er gylne.
  7. Avkjøl på rist.

Fyll:

  1. Kok opp fløyten.
  2. Trekk kasserollen av varmen og ha i hakka sjokolade.
  3. Vent 3-4 minutt før du rører til alt er oppløyst.
  4. Sett kaldt i 4-6 timar eller over natta.
  5. Visp sjokoladefløyten til luftig krem.
  6. Ha kremen i ein plastpose, klipp eit lillefinger-tjukt hol og sprøyt små toppar på kvar makron.
  7. Sett i frysaren.

Topping:

  1. Hakk sjokoladen.
  2. Ha sjokoladen i ein bolle som tåler varme saman med kokosoljen.
  3. Smelt den over vassbad. (Om du lurer på korleis du gjer det kan du sjå bilete her).
  4. Aus over sjokolade og oppbevar i kjøleskap eller frysar. Eller et den med ein gong;)