Tar opp kampen mot menneskehandel
Turid og Beate i Freethem Tysvær vil spreie informasjon om menneskehandel til andre unge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tar kampen mot menneskehandel
Saka er henta med velvilje frå Tysvær bygdeblad.
– Små grep kan utgjere mykje for enkeltmenneske. Ein må berre gjere folk bevisste på kva som skal til, meiner Turid Tjoland frå Grinde i Tysvær kommune.
15-åringen har starta eit lokalteam av organisasjonen Freethem i Tysvær, og er i gang med å besøke skular for å informere ungdommar om kva som skjer av grotesk menneskehandel i verda.
– Eg var på Spekter-festivalen i Bærum i samband med konfirmasjonsopplegget vårt i sommar, og trefte leiaren for «Freethem» i Norge, Jeanette Kalma Frøvik. Eg blei med ein gong inspirert og heiv meg rundt med det same eg kom heim, fortel Turid då ho er innom lokala til Tysvær bygdeblad i Aksdal Senter.
Førre veke starta ho og venninna Beate Solheim (15) på ein skulerundtur i kommunen for å promotere organisasjonen og arbeidet dei gjer.
Den politisk og religiøst uavhengige organisasjonen Freethem blei starta av svenske Maria Ahlin, og eksisterer i Sverige, Norge, Tyskland og Østerrike. Målet og bodskapen er å informere folk om kva som hender av menneskehandel i verda, og alt dette fører med seg av mishandling, kvinnediskriminering, prostitusjon, rasehat og urettferdigheit.
LES OGSÅ: KrFU vil ha norsk antislaveri-dag