Anerkjente Museum of Modern Art (Moma) i New York stiller ut 176 originale emoji-teikn.

NPK-NTB
NPK-NTB

Enten du irriterer eller gler deg over , veks kommunikasjon med emojiar raskt. Dei rundt 1800 emojiteikna dekkjer alt frå til , og er ein integrert del av smarttelefonkulturen.

Museum for moderne kunst i New York, som husar verk av Andy Warhol og Pablo Picasso, stiller ut 176 originale emojiar som la grunnlaget for det digitale teiknspråket.

LES OGSÅ: Smilefjesa blir fleirkulturelle

Japansk nyvinning
Shigetaka Kurita, mannen bak teikna, er framleis over suksessen, men meiner at han har dekt eit openbert behov.

– Det var ikkje berre japanarar som følte at det mangla noko når dei utveksla tekstmeldingar, seier han til nyheitsbyrået AFP.

Kurita fortel han var inspirert av Japans populære teikneseriar og skriftsystemet i landet som bruker to sett fonetiske bokstavar blanda med kinesiske teikn. Han eksperimenterte med korleis han kunne gjere informasjon, som vêrmeldingar, meir tilgjengeleg på små skjermar ved å bruke symbol som og .

Kurita laga sin første versjon av smilefjeset i 1999, som framleis er populær, men den mest brukte er emojien som viser eit ansikt med . Den blei kåra til årets ord av Oxford-ordboka i 2015.

92 prosent nyttar emojiar
Det er estimert at 92 prosent av dei som lever eit nettliv nyttar seg av emojiar, ifølgje ein rapport om emojiar i 2015 utgitt av eit digitalt marknadsføringsfirma.

– Med eit kan ikkje teksten vere negativ, uansett kva teksten seier, meiner Kurita.

«Kva betyr emojiane?» er ein gjengangar i norske Google-søk. Sjå dei andre søka og svara her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE