Om å undervurdere ungdommen

Sett frå eit tenåringsperspektiv kan ein knapt førestelle seg nokon større provokasjon enn ein vaksen som freistar å forklare kva det vil seie å vere ung, skriv Nils Henrik Smith.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert hjå Språkløyper frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Blant dei mange krav skuleverket stiller til elevane, er at dei skal lære nasjonens litterære arv å kjenne. I den vidaregåande skulen manifesterer dette kravet seg i ein ambisjon om at elevane skal kunne lese og forstå skjønnlitteratur for såkalla «vaksne.»

Ettersom elevane jo ikkje er vaksne enno, inneber denne ambisjonen ei forventing om at dei skal vere i stand til å strekkje seg mot eit høgare intellektuelt nivå enn det dei befinn seg på for augneblinken.

Dette er ei nobel målsetting. Men fungerer ho i praksis? Eg er usikker.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Elias Ruklas keisame utgreiingar
Genanse og verdighet skriv Dag Solstad om den «lett fordrukne» norsklektor Elias Rukla, som i ein utilfredsstillande arbeidskvardag finn ei viss pervers glede i å kjede elevane med lange utgreiingar om Henrik Ibsen, ein dramatikar viss verk dei, ifølgje Rukla, ingen føresetnader har for å forstå. Det er elevane si plikt å kjede seg i møte med den litterære arven, hevdar lektoren.

Det er mogleg at dette er ei kynisk haldning, men Rukla tek iallfall elevane alvorleg, på sitt eige, livstrøytte vis. Skuleelevar kjedar seg ofte, og stundom vert dei direkte provoserte, ja krenka over denne keisemda, og opptrer difor fiendtleg mot den ansvarlege for at dei kjedar seg, altså læraren. Dette er truleg uunngåeleg. I Noreg er skulegang obligatorisk, altså tvang, og tvang er alltid ein provokasjon.

Eg har likevel ein mistanke om at den største provokasjonen ein kan utsetje elevar for, er å undervurdere dei, og eg har òg ein mistanke om at slik undervurdering er vanleg innføre den litterære delen av norskundervisninga.

Om ungdom, for ungdom
Sjølv har eg berre ein kort karriere bak meg som lærar for den oppveksande slekt, men i løpet av denne korte karrieren gjorde eg meg visse observasjonar som utgjer grunnlaget for dei påstandar eg legg fram her.

Særleg gjeld dette undervisninga i samtidslitteraturen. Elevane skulle lese bøker for vaksne, og deretter skulle dei produsere eit arbeid, eit stykke tekst, som viste at dei hadde forstått det dei hadde lese. Så langt alt vel. Problemet var at dei som hadde ansvaret for å velje kva bøker elevane skulle lese – norsklektorar, skulebibliotekarar – hadde ein tendens til å velje bøker som rett nok var skrive av vaksne for eit vakse publikum, men som i all hovudsak handla om ungdom!

Denne litterære undersjangeren, oppvekstromanen, har – av grunnar truleg for kompliserte til å gjere tilfredstillande greie for her – hatt uvanleg gode kår i Noreg, og mange av våre mest suksessrike forfattarar (Lars Saabye Christensen, Ingvar Ambjørnsen, Tore Renberg) har opplevd sitt store gjennombrot med ein oppvekstroman.

Les intervju med Tore Renberg, hausten 2016 debuterte på nynorsk!

Problemet med oppvekstromanane
Det er ikkje mitt ærend her å kritisere oppvekstromanen som sjanger, derimot vil eg gå i rette med hypotesen om at romanar som handlar om å vere ung er særskilt veleigna lesestoff for ungdom. Grunnlaget for denne hypotesen er at ungdom er ekstremt sjølvsentrerte (noko dei sjølvsagt er) – og at dei difor primært er interesserte i å lese om seg sjølv. Men oppvekstromanar handlar ikkje om elevane sjølv. Dei handlar om ungdomstida til dagens vaksne! Og sett frå eit tenåringsperspektiv kan ein knapt førestelle seg nokon større provokasjon enn ein vaksen som freistar å forklare kva det vil seie å vere ung.

Elevane (iallfall dei skarpaste elevane) vil møte slike bøker med alle piggane ute, noko som neppe er det beste utgangspunktet for læring. Sanninga er at oppvekstromanar er til for at middelaldrande vaksne skal kunne sjå tilbake på si eiga ungdomstid gjennom nostalgiens slør. Dei har berre unnataksvis noko å seie til dagens ungdom.

Heller overvurdere enn undervurdere
Eg meiner altså at det er betre å overvurdere tenåringars intellektuelle kapasitet, enn å undervurdere den, og skal argumentere for dette synet gjennom eit konkret eksempel.

Denne hausten har det rast ein debatt i fleire aviser om Ungdommens Kritikerpris. Dette er ein pris for ny, norsk skjønlitteratur, kor vinnaren vert kåra av utvalde elevar i den vidaregåande skulen, men kor kandidatane vert nominert på førehand av ein fagjury, heilt utan omsyn til spørsmålet om kor vidt bøkene eignar seg for ungdom eller ikkje.

Dette er, etter mitt syn, å ta ungdom på alvor, og har ført til ei rad overraskande vinnarar og overrumplande perspektiv på samtidslitteraturen. Bravo, Ungdommens Kritikerpris!

Men i haust har fleire litterære debattantar tatt til orde for at nominasjonskriteria bør endrast, slik at dei stakkars ungdomane skal verte spart for å måtte lese bøker av forfattarar som kanskje er over femti – skrekk og gru! – og skildrar tilværet frå sitt eige generasjonsperspektiv.

Dette er vaksen, misforstått omsorg for ungdomen på sitt verste, ei bisarr vrangførestilling om at ungdom verken er interessert i eller kan forstå noko anna enn sin eigen livstilstand og det verdssynet som følgjer av denne. Denne vrangførestillinga må kjempast mot, og landets norsklærarar bør kjempe i første rekke.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Ungdomsbøker er ein nokså meiningslaus sjanger

La ungdommen få bryne seg
Vi vaksne overvurderer generelt vår eiga evne til å forstå ungdomen. Dette er eit problem for alle som har med ungdom å gjere, men eit særskilt problem for norsklærarar.

Mi oppfordring er difor enkel: Gjer tilværet vanskeleg for dei, lat dei bryne seg på noko utanfor deira eigne, umiddelbare forståingshorisont. Forsøk for Guds skuld ikkje å innynde deg. For ungdom er i stand til å forstå alt, unntatt dette eine: At dagens vaksengenerasjon ein gong har vore unge sjølv.