Her kan du høyra radio frå heile verda

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her høyrer du radio frå heile verda

Klokka er rundt tolv, norsk tid. I Alta sender lokalradioen direkte frå budsjettdebatten i bystyresalen, medan Lindin radio i Tórshavn serverer lyttarane sine færøysk salmesong. På andre sida av jorda, i Kuala Lumpur, snakkar ein radiovert mjukt på malayisk over eit klassisk pianospor på radio KCFM.

Alt skjer samstundes, og alt er tilgjengeleg berre med nokre få klikk på radio.garden. Nettstaden lar deg snurra på ein globus og finna radiostasjonar som sender direkte, slik at du kan klikka deg frå stasjon til stasjon på kryss og tvers over heile jorda.

Twitter er begeistra:

Lokalt og globalt
Forståeleg nok er det tettast mellom stasjonane i Europa og Nord-Amerika, men du finn også stasjonar som sender frå øyar i Stillehavet og landsbyar i Amazonas og Sibir.

Gjennom lokale radioheltar som snakkar eller syng på sitt eige språk, får du med deg små drypp av all verdas kulturar. Stjerner som Rihanna, Drake og Katy Perry går også att på kanal etter kanal, og minner deg om at verda for lengst er globalisert.

Globusen er laga med satelittkart frå Bing, og viser ingen landegrenser.

Opphevar grenser
Radio Garden er utvikla av designselskapa Puckey og Moniker for det Nederlandske instituttet for lydg og bilete. Tenesta byggjer på resultat frå forskingsprosjektet Transnational Radio Encounters, i samarbeid med ei rekkje europeiske universitet.

Målet har vore å gi folk ei kjensle av at radio ikkje kjenner nokon grenser, forklarer Jonathan Puckey i Studio Puckey til det amerikanske magasinet The Atlantic.

– Internett gir meg av og til kjensla av at fysisk stad ikkje betyr noko lenger. Men når eg høyrer på desse stasjonane og zoomar inn på byane dei kringkastar frå, varmar det meg å vita at dei alle kringkastar om ting som er viktige lokalt, seier Puckey.

LES OGSÅ: Berre éin av dei mest spelte songane på norsk radio er på norsk