Hordaland seier ja til ny regionvariant

Fylkestinget i Hordaland vil invitera Nord-Rogaland med i ny vestlandsregion saman med Sogn og Fjordane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hordaland opnar for Haugesund

Det betyr at Hordaland vil gjere forsøk på å få til ein ny intensjonsavtale om samanslåing av fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Forslaget kom frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet og Venstre. 

I vedtaket heiter det òg at administrasjonsmålet for regionen skal vera nynorsk.

Opnar for Haugalandet
Fylkestinget er positive til at enkeltkommunar nord i Rogaland kan bli ein del av ein ny Vestlandsregion om dei søkjer om det, skriv LNK.no.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun seier til NRK at vedtaket er det beste som kunne skje etter at Rogaland sa nei i går.

Stemte mot
SV og Raudt stemte mot endring av fylkesgrensene fordi det ikkje er kjent kva nye oppgåver dei nye regionane skal få.

Høgre ønskte å arbeida for ei samanslåing mellom berre Hordaland og Rogaland, sidan det er utelukka for Rogaland å slå seg saman med Sogn og Fjordane.

Les meir om Vestlandsregionen her!