Eg ler og eg ler og eg ler og eg ler!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når eg no skriv om innføring av DAB-radio og sløkking av FM-nettet, så er det utelukkande fordi dette handlar om noko så grunnleggande som beredskapen i samfunnet vårt. Dette handlar først og fremst om kor trygge vi kan kjenne oss i vårt eige land. Derfor skriv eg om dette. Berre derfor. Og ikkje fordi DAB er eit såpass ordspelvennleg ord at sjølv vi som skriv i avisa kan tru at vi er morsomme. Slett ikkje.

For sanninga er at konsekvensane av dette skiftet kan bli dabatiske.

Hi hi. Tok du den? Dabatiske? Ganske artig. Ikkje perfekt, eg er enig i det. Men ganske artig likevel.

Men det er ikkje poenget. Eg skriv som sagt ikkje om dette for å vere artig. Eg skriv om det fordi det er viktig. Etter kvart som FM-signala DABbar av rundt om kring i landet utover neste år…

Unnskyld. Det var ikkje meininga.

Men litt artig.

Uansett: Denne saka er viktig å analysere fordi det handlar om tryggleiken vår. Men også fordi denne saka viser fram kor skjørt regjeringssamarbeidet mellom Høgre og Frp eigentlig er, og kor stor avstand det er mellom grasrota og eliten i regjeringspartiet Frp. Ein kan vel trygt seie, etter denne vekas DABatt i Stortinget…

Unnskyld. Eg prøver igjen.

Ein kan vel trygt seie, etter denne vekas debatt i Stortinget, at partiets tillit til eigne statsrådar er DABbande.

He he. Hirr hirr. DABbande. Ganske artig. Eg har for så vidt brukt det same ordspelet ein gong før i denne artikkelen. Men då får vere greitt. For det er jo ganske artig.

Men det er ikkje viktig. Poenget er at vi er anar eit grasrotopprør. Og vi som skriv i avisa er veldig opptatte av å forstå grasrota. Det har vi alltid vore, heilt sidan Donald Trump plutselig vann det amerikanske valet for eit kvarter sidan. Og Stortingets behandling av denne saka var i aller høgste grad prega av klabb og DAB.

Kom igjen då! Det er gøy!

Vel. Saka er den at når Frp-statsrådar må forsikre Stortinget om at alt er i orden etter at Frp-representantar har uttrykt skepsis, då sender Frp i stereo.

Såg du? Såg? Stereo? Vi som skriv i avisa kan vere ganske avanserte også. Det er ikkje berre DAB-ordspel det går i. Å nei då. Vi lever trass alt av dette her. Stereo? Den er ganske fiffig. FrP sender ut to fullstendig ulike signal samtidig, ikkje sant? Du tok den?

No er det kanskje ikkje akkurat det stereo betyr. Men du forstår poenget? Det sprikar? Eller skal eg kanskje heller seie: Det skurrar?

Ha ha ha.

Nok om det!! I alle fall: Avstand mellom grasrot og elite. Knirk (eller skurr) i samarbeidet. Opposisjon på krigsstien. Dette er det vi som skriv i avisa lever for. Dårlig stemning. Rot. Misnøye. Meiningslaus markering av posisjon. Alt det som demokratiet handlar om. Derfor er denne saka viktig. Derfor kjem vi til å følgje nøye med. Og lytte til grasrota.

Lytte til? Du tok den.

Altså. Vi skal lytte til grasrota. Vi skal gjere som vi alltid gjer når vi skal vise at vi forstår vanlige folk. Vi skal reise til plassar vi normalt aldri reiser til, ta bilde av rare folk og vise dei fram.

Og du kan stole på at vi kjem til å gjere jobben vår også denne gongen. Vi kjem til å gjere alt vi kan for å spore opp ein fyr som frivillig har valt å busette seg i ei førti meter djup grop med betongtak og som ikkje får inn P1+. Og så skal vi spørje: Kva med tryggleiken hans? Er ikkje denne mannen verd noko for eliten i Oslo? Og så skal vi spørje kulturministeren om ho har tenkt å gå av snart. Og justisministeren. For dette handlar om tryggleik og beredskap.

Og så kjem sikkert justisminister Anundsen til å gjenta omtrent det same som han har sagt om saka før.

Og då har vi han. For då skal vi skrive: No, justis- og beredskapsminister Anundsen, no er det kanskje på tide å… skifte kanal.

Og då, folkens, då er han ferdig.

Då sloknar han som FM-nettet.

Ha ha ha!!!


Først publisert i Aftenposten 10. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!