Vestlandsregionen heng i ein tynn tråd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkestinga i Hordaland og Rogaland skal ta stilling til samanslåing neste veke. Men fylkesutvalet i Rogaland gjekk tidlegare i veka inn for at Rogaland bør halda fram som eigen region.

Bergens Tidende meiner Framstegspartiet og Høgre truleg vil sikra fleirtal mot at Rogaland blir ein del av den planlagde Vestlandsregionen med Hordaland og Sogn og Fjordane når saka kjem opp i fylkestinget tysdag 13. desember. Dermed er den konkrete avtalen død, meiner avisa.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har alt varsla at dei vil opna opp for å invitera Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei ny løysing, dersom Rogaland og Hordaland ikkje går for Vestlandsregionen. Men fylkesutvalet i Møre og Romsdal har på si side sagt at dei vil behalda fylket som eigen region. Fylkestinget i Møre og Romsdal tar den endelege avgjerda 13. desember.

Fylkesutvalget i Hordaland sa i dag ja til Vestlandsregionen, og Fylkestinget seier truleg det same når dei skal ta opp saka neste veke, melder NRK. 

Ifølgje Bergens Tidende skal samanslåingsvennlege politikarar også vera i ferd med å sjå på nye samarbeidsalternativ for Hordaland med nordre delen av Rogaland – i tillegg til Sogn og Fjordane.

Også Rogaland skal ha ein plan B for eit alternativt samarbeid, skriv avisa. Hordaland skal vera ein del av denne planen, medan Sogn og Fjordane ikkje er det. 

Les meir om planane om å skape Vestlandsregionen.