Truleg nei til Vestlandsregionen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til NRK opplyser gruppeleiar for FrP på fylkestinget i Rogaland, Anita Egeli, at Framstegspartiet seier nei til samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Då kjem truleg også Rogaland fylkeskommune til å stemma nei.

– Fleirtalet ynskjer at Rogaland skal stå åleine som eige fylke, seier Egeli til NRK.

Fylkestinga gjer vedtak om Vestlandsregion denne og neste veke. I Sogn og Fjordane skjer vedtaket 6./7. desember, medan Hordaland og Rogaland gjer vedtaka sine 13./14. desember.

Les meir om Vestlandsregionen her!