10 millionar meir til ung frivilligheit
LNU jublar for auke i grunnstøtta til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den unge frivilligheita er i vekst. For litt meir støtte, får ein mykje igjen i frivilligheit, seier Stian Seland, styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).
Han jublar for at støttepartia har sikra ein auke på 10 millionar i grunnstøtta til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar i statsbudsjettet for 2017.
Demokrati framfor byråkrati
Det var eitt av hovudkrava LNU hadde til regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, der dei hadde sett av 123,7 millionar til barne- og ungdomsorganisasjonane.
– Det siste ti åra har ungdomsfrivilligheita fått nesten 100.000 fleire medlemmer. Diverre har ikkje grunnstøtta følgt med denne veksten, difor er me glad for at KrF og Venstre har fått igjennom dette, understrekar Seland.
For ungdomsorganisasjonane betyr det meir pengar til sentralt hald og tiltak som kurs, oppfølging og eventuelle medlemsblad.
– Me er oppteken av at ungdomsorganisasjonane skal vere ein skule i demokrati framfor byråkrati. Og med tilgang på desse ubyråkratiske midlane, vert det det, understrekar Seland.
LES OGSÅ: Unge frivillige druknar i byråkrati
Berekraft-krav
I tillegg hadde LNU eit krav om fem millionar kroner til ei ny støtteordning for ungdomsorganisasjonar som vil jobba med berekraftmåla til FN.
– Det er ikkje avklart endå, men me gjev ikkje opp håpet. Me har spelt det inn for utanriks- og forsvarskomiteen, og statsminister Erna Solberg har mellom anna uttala at det er veldig viktig å få med ungdom i arbeidet med berekraftmåla.