Are Kalvø: Ei halvopen dør med brot i

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er det alt har dreidd seg om denne veka. Dei dramatiske budsjettforhandlingane har fått folk til å fortvile. Folk har vore livredde og har som alltid vendt seg til oss som skriv i avisa for svar. Kva skjer? Forklar? Gi oss håp! Gi oss liv! Gi oss trua igjen!

Og vi som skriv i avisa har som alltid levert. I tilfelle du ikkje har fått med deg alt: Slapp av. Dei siste dagane har eg lese og studert alle artiklar om budsjettforhandlingane i alle norske aviser, slik at eg no kan samanfatte for deg korleis Norges skarpaste analytikarar og kommentatorar ser på det som no skjer og har skjedd.

Alle ser ut til å vere einige om at bilpakken er nøkkelen. Allereie her er det lett å forstå at desse forhandlingane har vore vanskelige. Alle som har prøvd å bruke ein pakke som nøkkel, veit at det er så godt som umulig. Føresetnaden for at ein pakke skal kunne fungere som ein nøkkel, er at nøkkelholet er pakkeforma. Det er det veldig få nøkkelhol som er, så då må ein lage eit nytt nøkkelhol, som ikkje berre er forma som ein pakke, men som også må vere veldig stort, sidan pakken inneheld ein bil og ikkje for eksempel eit sånt kort med eit spotify-abonnement, som trass alt liknar ganske mykje på eit nøkkelkort.

Altså måte dei fire partia lage eit digert pakkeforma nøkkelhol, og det måtte dei gjere utan å øydelegge sjølve låsen, for viss låsen blir øydelagt, vil døra bli ståande open med eit digert hol i, og det er i alle fall eitt av regjeringspartia lite interessert i.

Men det er ikkje alt. Dei fleste som tolkar og analyserer forhandlingane, ser også ut til å vere einige om at sjølv om det blei brot, så stod døra på gløtt. Her må vi tenke i metaforar. Når våre beste kvinner og menn skriv om forhandlingane at døra står på gløtt, så meiner dei naturligvis ikkje bokstavelig at døra står på gløtt. Det forstår alle.

Viss døra allereie står på gløtt, ville det jo vore meiningslaust å bruke månader på å prøve å endre nøkkelholet slik at døra kan opnast med ein bilpakke.

Altså må det her vere sjølve brotet som har ei slags dør som står på gløtt. Om ein for eksempel har brekt eit bein, og det i tillegg er ei dør som står på gløtt i dette brotet, så seier det seg sjølv at det gjer vondt og er vanskelig å fikse.

Fleire meiner også at regjeringspartia la lista høgt med bilpakkeultimatumet. Det er altså ikkje berre det at dei fire partia må opne ei låst dør med ein diger pakke, dei må også over ei list, som sannsynligvis ligg i døropninga, og denne lista ligg altså høgt, og er vanskelig nok å komme over for uskadde menneske, bortimot umulig for folk med brot med dører i.

Ein måte å komme seg gjennom ei låst dør på, er sjølvsagt å opne bilpakken og køyre bilen gjennom veggen. Men det har vist seg å vere umulig.

Som om ikkje dette var nok, er det også ganske brei semje hos kommentatorane om at regjerina har spelt høgt. Naboar som speler høgt kan vere irriterande, og då ønsker ein gjerne å ha døra stengt slik at ein slepp altfor mykje bråk.

Ein har altså både ønska å halde døra stengt og opne ei låst dør med ein pakke for å komme over ei list med eit brot med ei dør i.

Prøv sjølv då, alle som trur det er lett. Då blir ein lett sjakk matt, som fleire av kollegaene mine har påpeikt.

Alternativt kan vi sjølvsagt slutte å høyre på analytikarane og kommentatorane.

Men det kan vi jo ikkje. Berre sjå korleis det gjekk i USA.


Først publisert i Aftenposten 3. november.

Gjekk du glipp av Are Kalvø førre veke? Teksten hans er den nest mest lesne på Framtida.no i år. Les både den og fleire Kalvø-tekstar her!