«Kristendommen har berre kome og stole denne dagen frå oss heidningar, og tatt våre tradisjonar og prøvd å gi dei kristent innhald.»

Janne Merete Bøyum, Stuvest
Janne Merete Bøyum, Stuvest

Saka er henta med velvilje frå Studvest.

Ein dag for ein god del år sidan sa eg til mamma at eg skulle melde meg ut av statskyrkja. Det syntest ho ikkje noko om. Etter kvart sa ho til meg at det kunne eg berre gjere, men då fekk eg ikkje julepakkar.

Men kva grunnlag hadde ho eigentleg for å nekte meg julefeiring? På grunn av at eg skulle melde meg ut av statskyrkja? Jul er jo eigentleg ein heidensk feiring for vintersolverv i Norden. Og Norden er faktisk det einaste område som sitte igjen med det heidenske namnet: jul. I motsetning til for eksempel på engelsk Christmas (kristmesse) eller på tysk Weihnachten (vienatt).

Mange av juletradisjonane ein har i dag er ikkje eingong kristne. For eksempel ein av dei kjente og kjære filmane «Tre nøtter til Askepott», har kanskje gått på NRK kvar jul sidan 1975. Men den har absolutt ingenting med jul å gjere.

Ein anna klassikar, «Grevinnen og hovmesteren», blir i mange land vist på nyttårsafta. Truleg grunna replikken «Happy New year Miss Sophie», men i Noreg har den blitt vist på lille juleafta sidan 1980. Og eigentleg er dette frå Miss Sophies 90-års dag. Altså ingenting med jul å gjere.

Og julenissen? Opprinneleg frå legenden St. Nicholaus. Fjøsnissen? Nordisk tru. Mandel i grauten? Mest sannsynleg frå ein nord-vesteuropeisk leik frå 1500-talet. Julebukk og pynting med halmbukkar? Byggjer på dyrking av den norrøne guden Tor. Og julekakene var eigentleg ingenting meir enn at dei brukte dei flotte ingrediensane rundt dei tider.

Så om mor mi kan ta frå meg julepakkar, juletre og julesongar fordi eg ville melde meg ut av kyrkja, kan vel eg ta frå ho alt det som ikkje høyrer kristendommen til, sidan ho er med i kyrkja?

Kva har jula eigentleg blitt til? Spør du ein frå barneskulen vil han seie at vi feira jul på grunn av at Jesus blei fødd. Det er faktisk ganske ukjent kortid Jesus eigentleg vart fødd. Dei berre synest at 24. desember passa fint, då dei allereie feira midtvinter. I Norden har vi feira jolablot så lenge ein kan sjå. Romerane feira solgudane sine 25.desember.

Kristendommen har berre kome og stole denne dagen frå oss heidningar, og tatt våre tradisjonar og prøvd å gi dei kristent innhald. For meg er ikkje jula ei kristen høgtid. Det er ei feiring basert på gode gamaldagse tradisjonar på tvers av tru og religionar.

PS: Som ein skremt ung tenåring meldte eg ikkje meg ut, og eg fekk julepresangar. Lukkeleg slutt!

OBS. Studvest åtvarer om at den frie spalta deira «har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.»

LES OGSÅ: 40.000 har meldt seg ut av Den norske kyrkja i år

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE