Ein av tre funksjonshemma er utsett for hatytringar

Skremmande tal i ny studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje hatprat mot funksjonshemma

Ein ny studie viser at 36 prosent av dei funksjonshemma her i landet har opplevd ei eller fleire former for krenkjande ytringar. 32 prosent rapporterer om hatytringar.

– Vi har visst at dette skjer, men det er første gongen dette blir dokumentert på bakgrunn i forsking, seier forskingsleiar Terje Olsen ved Nordlandsforskning til VG.

Nordlandsforsking har utført studien på oppdrag fram Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det er den første som er gjort på hatytringar mot funksjonshemma, og den er basert på to landsomfattande spørjeundersøkingar. Undersøkingane viser at krenkingane i stor grad blir utført av vaksne menneske som den funksjonshemma kjenner, og at det ofte skjer i det offentlege rom.

LES OGSÅ: Hanne (22) sit i rullestol, men nekta å bli registrert som ung ufør

Olsen meiner tala er urovekkjande.

– Det er overraskande at det er såpass alvorlege tal, og at konsekvensane er så alvorlege som dei er, seier han.

Studien viser nemleg at krenkingane fører til endringar i livet til den enkelte. Dei held seg meir heime, lét vere å delta i offentleg debatt, lét vere å møte venner, unngår offentleg transport – og i nokre tilfelle – har flytta.

Mange fortel at dei har fått dårleg sjølvtillit, føler seg nedstemte og triste, og har fått redusert helsetilstand som følgje av krenkingane. (©NPK)

LES OGSÅ: – Regjeringa bommar på unge utanfor arbeidslivet, meiner Unge Funksjonshemmede