Opnar for nye forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for nye stemmerettsforsøk

I fjor fekk 16- og 17-åringar i 20 kommunar i Noreg lov til å røysta i kommunevalet. Det er andre gong det er forsøk med lågare stemmerettsalder i Noreg.

Måndag 28. november kom rapportane frå evalueringa av stemmerettsforsøka i 2011 og 2015. Forskarane frå Institutt for Samfunnsforskning tilrår å gi alle 16- og 17-åringar i Noreg stemmerett i lokalvala.

LES OGSÅ: – Viktig å gi alle unge dei same føresetnadene til å delta i lokaldemokratiet, seier forskarane

– Me er innstilte på å prøva fleire gonger, seier Helge André Njåstad (Frp) til Framtida.no.

Han er leiar i Kommunalkomiteen på Stortinget, og har hatt lågare stemmerettsalder dei siste to kommunevala i heimkommunen Austevoll.

Men å innføra permanent lågare stemmerettsalder er førebels uaktuelt, ifølgje Njåstad:

– Det sit i ryggmargen at stemmerettsalderen skal vera lik myndigheitsalderen.

Han utelukkar òg forsøk med lågare stemmerett i stortingsvala.

– Når det gjeld stemmerett for 16-åringar, så er det eit poeng å la dei få ei stemme i lokalsamfunnet før dei flyttar vekk for å ta utdanning, seier han.

LES OGSÅ: – Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma, seier ungdomane på Austevoll som fekk stemmerett i fjor

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) seier at forsøket med lågare stemmerettsalder gir nyttig kunnskap om ungdom og politisk deltaking, men har ikkje konklusjonen klar.

– Me skal no studera resultata for å ta stilling til korleis me best kan følgja opp forsøket, seier han i ein epost frå ein pressemedarbeidar.