Kva gjer alle ute så tidleg om morgonen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka var 3:20 då vi vart plukka opp av sjåføren vår. 3:45 starta arbeidsdagen vår denne sundagen. Det er ikkje noko vi gjer gjer kvar dag, og heller ikkje kvar veke, for nærværet av internasjonale ved checkpointen ved Tarqumiya er ikkje like naudsamt lenger. Folk som har vore her lenge seier at her er sjedd oppsiktsvekkjande forbetringar. Her er enno ikkje noko toalett eller søppeldunkar, men heile vegen frå pakeringsplassen, forbi salsbodane med mat, drikke, kontantkort og andre nødvendigheiter, og langs med køen fram til sjølve inngangen herskar ro og orden. Folk er høflege, mange er blide og helsar, men nokre er for trøytte til å vie oss noko særskild merksemd.

Men kven er desse og kva gjer dei ute så tidleg om morgonen? Og kva gjer eg her nede? Eg startar med med sjølv og så vil eg kome attende til kva som skjedde om morgonen ved Tarqumiya. Eg er i Palestina og Israel som Eccumenical Accompanier (EA). Ein EA er ein deltakar i programmet Ecumenical Accompaniment Programme in Palestine and Israel (EAPPI) som vert leda av Kyrkjenes Verdsråd. EAPPI har deltakarar frå heile verda og i Noreg vert utsendingane koordinert av Kirkens Nødhjelp. Programmet vart starta i 2002 som ein respons på et opprop frå kyrkjelege overhovud i Jerusalem som etterlyste internasjonal merksemd på situasjonen i landet. Som EA vitjar ein Israel og Palestina i 3 månader, for å teke del i lokale fredsprosjekt og lære om arbeidet til forskjellige organisasjonar,leia av både israelarar og palestinarar og såfølgjer ein lokalbefolkninga i dei okkuperte områda kor nærværet av internasjonale har vist seg å ha positiv effekt.

Dette nærværet kallar vi protective presence. Palestinarane i dei okkuperte områda lever under israelsk militærlov, og Israel som okkupasjonsmakt har ifølgje internasjonal humanitær lov visse forpliktingar overfor sivilbefolkinga. EA-arar observerer at nokre av desse pliktane vert følgde, blant anna sikring av tilgjenge til utdanning, moglegheit for å praktisere religion og tilgjenge til arbeid. I dag vil eg fortelle meir om ein checkpoint frå morgontimane når arbeidarane passerer, altså tilgjenge til arbeid.

Hebron, Tarqumiya Checkpoint: EA-arar held auge med arbeidarar som skal gjennom checkpointen. Foto EAPPI-C. Wilson

For å kome frå Vestbreidda inn i Israel må ein passere ein eller fleire checkpoints. For turistar kan desse skapa vanskar med opphald i reisa og passkontroll, men flyten går som regel bra og det er ikkje verre enn sikkerheitskontrollen på ein flyplass. For palestinarane er checkpointane og muren som bind dei saman eit hinder som skapar dagleg audmjuking og vanskeleggjer, om ikkje umoglegjer, adgangen til eige eigedom, moskéar, arbeid eller berre det å kunne bevege seg fritt. Det er i dei største byane det er arbeid å få, og det er også utanfor Jerusalem og Bethlehem ein finn dei største checkpointane. Eg har base i Hebron, sør på Vestbreidda, og gjennom checkpointen ved Tarqumiya passerar mange som er på veg vestover, bland anna i retning i Tel Aviv.

Vi er eit øyde fjellandskap og er omringa av bilvegar og ein stor parkeringsplass. Det er bekande mørkt. På veg frå bilen, vi har ein eige sjåfør som også fungerer som tolk, passerer vi først nokre salsbodar med typiske kioskartiklar, men også pålegg og andre butikksvarar. Eg er imponert over utvalet. Så kjem vi til ferskvarene; kokte egg, ferskt brød, falaflar og alt mogleg godt du kan finne på å hive oppi ein pita. Og så er her arabisk kaffi, den krutsterke typen, og te med salvie og sukker nok til eit heilt slabberas.

Sånn startar arbeidsveka. Nokre kjem her kvar morgon, andre vel å overnatte inne i byen og pendlar på vekebasis. Dei har kanskje ein madrass tilgjengeleg på kontoret eller på byggjeplassen, dei søv hos ein fettereller kor det elles let seg gjera. Det er likevel ikkje alle som har denne moglegheita. For nokre er det alt om å gjere å vere attende gjennom checkpointen same ettermiddag, av di dei berre har innpass i Israel i eit visst tidsrom. Dersom eit arbeidsløyve gjeld mellom kl. 6:00 og kl. 17:00 risikerer ein å misse løyvet om ein ikkje overheld tida. På same vis nyttar det ikkje å kome kl. 5:55. Kjem ein for tidleg får det ikkje dei same alvorlege følgjer, men så er det attende i køen igjen.

Med hjelp frå tolken høyrde vi frå eit par stykke som vart avvist fordi dei nådde fram til kontrollen for tidleg. Vi spurde også andre av dei som vart vist attende om kva grunnen var. Nokre hadde problem med fingeravtrykket. Fingeravtrykket, og dei data som er lagra i tilknyting til det, skal samsvare med opplysningane på ID-papira og opplysningane på arbeidsløyvet. Andre fortalde at arbeidsløyvet hadde verte trekt tilbake av arbeidsgjevaren. Kvifor kunne ikkje alle svara på, men ein sa at han hadde diskutert løn med arbeidsgjevaren og av den grunn hadde han no missa arbeidet. Ein annan årsak, som vi fekk høyre frå fleire, var at dei hadde verte avvist på grunn av etternamnet deira. Mange palestinarar kjem frå store familiar og heiter det same. Andre heiter det same utan å vere i slekt. Det er nett som i Noreg. Det som ikkje er heilt som heime er denne forma for kollektive straff: Dersom nokon har verte fengsla eller er skulda for noko ulovleg, kan andre med same namnet verte nekta innpass i Israel, sjølv om dei ikkje har noko tilknyting til saka.

Hebron, Tarqumiya Checkpoint, klokka 6.25 og 7900 passerande seinare. Foto:  EAPPI-C. Wilson

Dette er noko av det vi så og høyrde ved checkpointen i Tarqumiya. Frå klokka 3:45 til 6:25 talde vi 7932 arbeidarar som passerte oss på veg gjennom. Av desse var det ei kvinne. 103 av dei som passerte vart sende attende, nokre av dei med dei forklaringane eg har attgjeve over, men heller ikkje alle visste kvifor. Eg og dei andre i teamet mitt sender loggar over arbeidet vi gjer til EAPPI, som i sin tur deler informasjonen frå vore observasjonar med FN og andre menneskerettsorganisasjonar. Og så skriv vi bloggar, artiklar og reisebrev til de der heime. Neste gong vil eg fortelle om skulen som vi vitjar og som er omringa av busettarar og soldatar. Eller om då eg hadde fri og reiste til Bethlehem. Det nærmar seg jo jul.

Helsing Åshild.

Faktaboks

EAPPI er eit program under Kyrkjenes Verdsråd. Tankar, haldningar og inntrykk formidla gjennom reisebreva fråVestbreidda er likevel avsendarens eigne og svarar ikkje nødvendigvis til ståstaden til Kyrkjenes Verdsråd.