Prisvinnar støttar norsk klimasøksmål

Xiuhtezcatl Tonatiuh (15) har saksøkt Obama for brot på grunnlova.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 16:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saksøkte Obama – støttar norsk søksmål

Xiuhtezcatl Tonatiuh Martinez mottok torsdag 24. november Children’s Climate Prize i Stockholm. Martinez, som førre veke deltok på det norsk-svenske talkshowet Skavlan, uttalte at han støttar Natur og Ungdom og Greenpeace som har gått til sak mot regjeringa.

– Eg blir inspirert av saka som føregår i Noreg der miljøorganisasjonar prøver å få styresmaktene til å trekkja tilbake oljetildelingstillatingar i Arktiske havområde, seier Martinez i ei pressemelding.

– Viktig å visa fram unge stemmer

Martinez har i USA vore ein av ungdomane i prosjektet Our Children's Trust som saksøkjer USA for brot på grunnlova dei meiner dagens regjering gjer ved å ikkje setja i verk tiltak som forhindrar global oppvarming.

Framtida.no skreiv om Martinez i mars, då han for første gong møtte i retten i saka.

– I USA ønskjer me å ansvarleggjera styresmaktene for dei klimaendringane dei påfører oss og komande generasjonar. Desse rettssakene, og den i Noreg, er viktige for å visa fram unge stemmer som krev å høyrast i klimapolitikken. Vonleg vil me òg skapa verkeleg forandring, held Martinez fram.

Natur og Ungdom òg nominert

Natur og Ungdom, ved 14 år gamle Kaja Nyland, var òg til stades i Stockholm og var nominert til prisen for klimasøksmålet sitt.

– Eg er glad for at Natur og Ungdom har blitt nominert til denne prisen. Det viser at når barn og unge står opp for klimarettane sine vert det anerkjent blant mange. Men me ventar enno på at den norske regjeringa set i gang tilstrekkelege tiltak for å forhindra katastrofale klimaendringar. Me treng handling frå regjeringa, ikkje fleire tomme ord, slår Nyland fast.