Det er ei skam at Kristoffer Joner og Sylvi Listhaug sin Facebook-krangel skapar meir merksemd enn ein sjuåring som vert tvinga ut av landet.

Espen André Breivik, frilansjournalist og tidlegare leiar i Røde Kors Ungdom
Espen André Breivik, frilansjournalist og tidlegare leiar i Røde Kors Ungdom

Det byrja med at New York Times skriv om sju år gamle Massoud Mousavi, som saman med familien vart tvangsutsendt tilbake til Afghanistan etter å ha levd eit halvt liv i Noreg. Dette skjedde midt på natta, dagen før sjuåringen skulle feire bursdag saman med klassekamerater i Fredrikstad.

Slik skildra New York Times korleis sjuåringen er eit av mange offer for den stadig strengare asyl- og flyktningpolitikken i Noreg, den strengaste i Europa.

Etter intervjuet med Massoud posta innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug ein skrytestatus av regjeringa sin effektive returpolitikk:

Innlegget vekte reaksjonar. Ein av dei som reagerte sterkast var skodespelar og AP-politikar Kristoffer Joner, som saman med Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) starta ei innsamlingskampanje i Listhaug sitt namn. Pengane skulle gå til rettshjelp for asylsøkjarar i Noreg.

«Sylvi får mene hva hun vil, men at vår innvandrings- og integreringsminister, uansett hvem han eller hun er, oppfører seg på en så respektløs måte, er på ingen måte greit. At en som representerer landet vårt fryder seg over medmenneskers tragedie, er forkastelig», er eit utdrag av det Joner posta på Facebook. Med over 50 tusen delingar i sosiale medium, rann pengane rant inn. Over 3 millionar på svært kort tid.

Ministeren kom med dette svaret på kritikken:

Dette resulterte i enorme mengder medieoppslag i dei største avisene og hovudsak på nyheitssendingane.

«Sylvi Listhaug: Folk ønsker å fremstille meg som et forferdelig menneske», «Reklamebyrå står bak Facebook-stuntet», «Joner i Facebook-krig mot Listhaug», «Føler seg lurt av NOAS», «Slik reagerer nettet på reklamestuntet»,  «Erna om Listhaug-bråket: – Jeg ville ikke brukt ordet hylekor(…)» er berre nokre av overskriftene saka har skapt.

Dagsrevyen inviterer Jon Gelius innvandringsministeren og NOAS-sjef Ann-Magrit Austenå til debatt. Her var det ikkje regjeringa sin asylpolitikk, sjuåringen i Afghanistan eller New York Times sine skuldningar som var tema, men NOAS- kampanjen si form og Facebook-innlegget til Joner. I det Austenå forsøker å komme inn på behovet for rettshjelp for mennesker på flukt, avbryt Gelius og påpeikar at det ikkje er ein debatt om politikken.

Plutseleg vart vi meir opptatt av Facebook-postinga til ein skodespelar frå Stavanger og ein rappkjefta innvandringsminister, enn det faktum at Noreg sin asylpolitikk har enorme konsekvensar for born på flukt.

Kven fekk eigentleg med seg kva pengane skulle gå til? Og kor er debatten om det enorme behovet for rettshjelp det burde vore sjølvsagt at asylsøkjarar i rettsstaten Noreg skulle fått? Kva med at Noreg er strengaste i Europa, er det det som trengs samtidig som verda opplever den største flyktningkrisa sidan 2.verdskrig? Er det riktig at Noreg sender barn tilbake til Afghanistan, eit land FN og humanitære organisasjonar peikar på som svært farleg?

Medan norsk media diskuterer Facebook-innlegg, kva som er reklame og kor vidt det er greitt at ein minister kallar nokon eit hylekor, sit born og ungdom, kvinner og menn på norske asylmottak og fryktar for si framtid. Dei fryktar å bli sendt tilbake til krig eller forfølging.  Men krigen som skapar klikk her heime, er Facebook-krigen mellom Listhaug og Joner.

Konsekvensen er ein manglande debatt om Noreg sin asylpolitikk, med utgangspunkt i fakta. Konsekvensane er også ei polarisering av frontane og eit debattklima som ikkje tener nokon. Listhaug åtvarar sjølv mot at kjensler ikkje må ta overhand i politikken, men det er nettopp det slike oppslag og debattar bidrar til.

For meg er det ei skam at ikkje norsk media har eit høgare krav til kva som set dagsorden, og kva vi vel som debattema i beste sendetid. At det er personfokuset som styrer, med skodespelaren og populærpolitikaren i front. At ikkje utkastelsen av sju år gamle Massoud Mousavi tilbake til eit krigsherja land er nyheitsverdig i seg sjølv. Nei, det er meir morosamt å snakke om deling og liking på Facebook.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE