Det er psykologisk heilt noko anna at nokon aktivt stryk deg og prøver å bli kvitt deg.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet

Stadig blir det diskutert kva som skal til for å få fleire til å stille som listekandidatar og ønske å gjera ein innsats i politikken. Ein ting eg er heilt sikker på, er at det å gjeninnføre høvet til å stryke kandidatar ikkje er løysinga.

Eg hugsar første gongen eg møtte på ei samling som listekandidat til eit kommuneval. Det var i 1999, og eg var 23 år. Leiaren i lokalpartiet den gongen var ein triveleg og humoristisk kar, og han fortalte at mange av oss ville sanke stemmer frå familie og kjente som gjerne ville gi oss eit kryss. Og så la han til at somme av oss sikkert også kom til å skaffe partiet nokre ekstra stemmer av ein annan grunn. Somme kom til å ta opp akkurat denne stemmeseddelen berre for å kunne få gleda av å stryke oss. Han humra, og det gjorde vi andre òg.

Dei som ikkje humra seinare det året, var dei frå dei ulike partia som utmerka seg med å få ekstra mange strykingar ved kommunevalet. Eg hugsar det var snakk om at nokre få fekk så mykje som 500 og 600 strykingar i kommunen vår med om lag 6000 innbyggjarar. Om dette var ved akkurat dette valet i 1999, det hugsar eg ikkje. Men eg hugsar jo godt dei 16 strykingane eg sjølv fekk, som ikkje var mange nok til å unngå at eg fekk nest flest teljande personstemmer i kommunen den gongen.

Berre ordføraren fekk fleire, og for ein ungdom på 23 år var jo det stor stas. Slik sett har eg ikkje ei personleg erfaring med strykingar som gjer at eg er mot ordninga. Men eg kan utmerka godt setje meg inn i situasjonen til dei som får mange stryk, og eg er fullt klår over at eg sjølv hadde tålt det veldig dårleg dersom eg fekk 600 strykingar den gongen.

Eg trur eg helst hadde flytta frå kommunen, rett og slett. Eg hadde vorte mobba i barndommen, og hadde budd borte nokre år medan eg studerte. Eg hadde kome tilbake til heimbygda på trass av at eg hadde lova meg sjølv å aldri flytte tilbake. Med åra hadde eg forstått at bygda var mykje meir enn dei få mobbarane, og eg tok sjansen på å flytte tilbake likevel. Eg fekk jobb og ein sambuar, og begynte verkeleg å trivast i kommunen.

Hadde ein tidel av kommenens innbyggjarar stroke meg frå lista året etter at eg kom heimatt, hadde det ikkje berre vore «noko ein politikar må tåle», slik mange synest å meine. Det ville vore ei personleg krise for meg. Så kan ein spørje seg om det ville vore eit stort tap om ei som ikkje tålte såpass forsvann ut av politikken. Då var ho vel ikkje til det likevel?

Sidan har eg med noko overlapping bak meg åtte år som medlem i kommunestyre og formannskap, fire år som varaordførar, fire år på fylkestinget og ti år på Stortinget. Eg trur faktisk at eg er godt eigna til å vera politikar, og at det ikkje er om ein tåler å få mange stryk eller ikkje som skal avgjera kvaliteten på dei folkevalte.

For dei som har ambisjonar, kan det vera stusseleg om dei får veldig få kumuleringar. Det er likevel noko psykologisk heilt annleis ved at nokon aktivt stryk over deg og prøver å bli kvitt deg enn at folk av ein eller annan grunn ikkje set det krysset ved namnet ditt.

For veljarane er det å få stryke sjølvsagt ein ekstra måte å påverke personvalet på. Og det kan hende at somme som får mange stryk, ikkje bør få plass i kommunestyret av ein god grunn. Høvet veljarane har til å kumulere og med det gi ekstra personstemmer, er likevel ei betre løysing enn høvet til å stryke. Viss vi vil forsterke makta til veljarane, kan vi heller forsterke verdien av personstemmene. Og så kan partia sjølve vera meir restriktive med å førehandskumulere, slik vi i Surnadal Senterparti har vore. Anten har vi førehandskumulert berre nokre få på lista, eller faktisk ingen, slik som den gongen eg stilte til val i 1999.

No ligg det an til at stryking blir gjeninnført frå kommunevalet i 2019, fordi regjeringspartia truleg får med seg V og eventuelt også SV på dette. Framlegget deira står til stryk.

LES OGSÅ: Slutten på demokratiet?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE