Generalsekretæren i Norsk Fosterhjemsforening reagerer på framstillinga av barnevernet og fryktar mobbing.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Ei streng fostermor dannar utgangspunktet for NRKs julekalender «Snøfall». Norsk Fosterhjemsforening fortvilar over valet og åtvarar mot å la fosterbarn sjå serien åleine.

Serien handlar om 9 år gamle Selma, som har budd hos den strenge nabodama Ruth sidan foreldra døydde då ho var 3 år. Generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening, Tove Wahlstrøm, fortel til Vårt Land at dei har fått meldingar frå fleire bekymra fosterforeldre. Etter å ha kontakta NRK fekk ho sjå dei fem første episodane.

– Kritikken er absolutt rettkommen. Det er ein fin juleforteljing, men eg reagerer sterkt på framstillinga av både fostermora og av barnevernet, seier Wahlstrøm. Foreininga oppfordrar fosterforeldre til å sjå serien saman med barna.

– NRKs julekalender blir alltid snakka om på skulen og mellom barn. Vi fryktar at dette kan gjere fosterbarn utrygge på eigen situasjon og gi grunnlag for mobbing og ubehagelege spørsmål retta mot allereie sårbare barn.

Redaktør Hildri Gulliksen i NRK Super seier fostermora berre er med i ein liten del av historia, og at den raskt går inn i eit eventyrlandskap der ein forstår at Selma er halvt nisse:

– Vi trur barn ned i ganske ung alder er i stand til å forstå når noko er eventyr. Vi må jo framleis kunne fortelje eventyr basert på verkelegheita. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE