Monica (23) jobbar mot 8000-metertoppar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Monica jobbar mot 8000-metertoppar

Saka var først publisert i Grannar.no

– Eg vart ganske overraska, eg pleier ikkje å vinne noko, seier 23-åringen frå Vikedal til magasinet UTE.

Ho seier samstundes at det er er stas å få fine tilbakemeldingar på det ho elskar å halde på med.

LES OGSÅ: Slik fekk Andreas (23) draumejobben som eventyrar

På veg til ny topp
Hundseid har mellom anna kryssa Grønland to gong, gått Noreg på langs og kryssa Nordisbreen i Patagonia. Hundseid er i desse dagar i Nepal, og målet er å nå toppen 6.189 meter høge Island Peak, for å få erfaring til å gå vidare på 8.000-metertoppar i framtida.

Mykje tyder på at ho vil halde fram i mange år framover.

– Eg tenkjer ikkje på når eg skal stifte familie, kjøpe hus eller ta utdanning. Det ligg heilt bak i klesskapet. Det er berre turane eg tenkjer på. Eg er på tur heile tida oppe i hovudet mitt. Når eg ikkje er på tur, planlegg eg nye turar, fortel ho til magasinet.

Ekspedisjonsprisane er eit samarbeid mellom ekspedisjonsreise-verksemda Hvitserk, utstyrsverksemda Fjellsport og magasinet UTE. Prisen Hundseid har vunne består av diplom, heider og ære, og romslege gåvekort.

Fleire drøymer om å leva som eventyrarar. Villmarksjenta Maria Grøntjernet er i ferd med å realisera draumen

Suveren vinnar
I juryen si grunngjeving heiter det at vinnaren trass sin unge alder allereie er en erfaren ekspedisjonsfarar. Med ei nærast ustyrleg eventyrlyst har ho allereie lagt bak seg Noreg på langs, Grønland på tvers og spennande turar og opphald i Chile og Alaska.

– Trass i mange spennande kandidatar i nybegynnar-kategorien, reknar juryen ho for å vere suveren. Me gler oss til følgje ho vidare på ferda, skriv dei i ei pressmelding.

Tormod Granheim frå Oslo er kåra til årets eventyrar. Han har mellom anna lagt bak seg alle dei 82 toppane på over 4.000 meter i Alpane.