Fornybar energi trengs, men jobbane er få

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For få jobbar innan fornybar energi

Kevin Johnsen (25) er den einaste på lesesalen som har fått relevant jobb etter å ha fullført ein mastergrad i fornybar energi ved Universitetet i BergenI august vart han rådgjevar i Nordisk Energiforsking, med hovudansvar for ei analyse av energisystemet i Baltikum

– Fornybar energi inneber både naturvitskaplege, tekniske, politiske og økonomiske problemstillingar, samstundes med at det er utruleg viktig for samfunnet. Fornybar energi gjev ein av fleire løysingar på den største utfordringa vi har – klimaendringane. Det skjer utruleg mykje i fagfeltet, seier han.

Men sjølv om oljen snart vil ta slutt og Noreg skal kutte i utsleppa sine, står ikkje jobbane i kø for nyutdanna ingeniørar med fornybar energi som fagfelt. Av studentane Johnsen delte lesesal med, har berre han sjølv fått jobb til no. Dette trass i at Johnsen meiner fornybar energi er svært naudsynt for framtidig energiproduksjon.

– Energiproduksjon- og bruk står for cirka to tredjedelar av klimagassutsleppa i verda. Då er det heilt naudsynt å vri dette om til produksjon og bruk av fornybar energi viss vi skal klare å halde klimamåla. I tillegg vil fornybar energiproduksjon og – bruk gje mindre lokal forureining. Ulempen er at ein ofte treng mykje areal, og at det å skifte ut verdas energiinfrastruktur vil krevje ein enorm innsats internasjonalt.

LES OGSÅ: Kina bremsar CO2-utslepp

– Eit skifte i verdas energisystem
Samanlikna med fornybar energi er olje- og gassnæringa i mykje større grad drive av ressurstilgang. For fornybar energi er ressursane jamnare fordelt i verda, noko som gjer næringa meir teknologidrive.

– Fornybar energi blir neppe noko «ny olje». Norsk økonomi vil måtte bli meir diversifisert og konkurrere på likare vilkår mot utanlandske bedrifter. Det at verda er i gong med et skifte av energisystemet opnar for mange forretningsmoglegheiter. Her står teknologikompetanse veldig sentralt.  

– Er det for lite kunnskap om fornybar energi i dag?

– Både ja og nei. Vi har allereie teknologien som skal til, men det må bli skalert opp og skifta ut raskare enn i dag. Når det gjeld energibruk trengs det meir forsking og innovasjon, til dømes innan flybransjen og i ein del industri. For fornybar energiproduksjon er det framleis eit stort potensial for å kunne gjere ting billegare og smartare, seier Johnsen.  

LES OGSÅ: Lærer studentane å kjempa mot klimakrisa

Fornybar energi på arbeidsmarknaden
Men for at ting kan bli billegare og smartare må nokon bli tilsette til å gjere det. Framleis er det ikkje berre lett å få seg jobb i ein marknad som er fokusert på olje og gass:

– Av dei seks som tok mastergrad i fornybar energi og som eg delte lesesal med, jobbar to framleis på oppgåva, tre tar vidare studie og eg har fått jobb. Eg var veldig heldig som hadde ei oppgåve som passa godt med jobben eg fekk, samstundes med at eg byrja å søke seks månadar før eg blei ferdig.  

Kristine Domaas Klementsen var ein av tre som fullførte masterprogrammet ved UiB for første gong våren 2014. Til UiB.no sa ho då:

– På Finn.no er det nesten bare utlyst stillingar innanfor olje, og svært få innanfor fornybar energi. Vi får håpe det kjem.

I dag er ho tilsett som energiingeniør hjå GK Inneklima, der ho jobbar med energiberekning i ulike bygg.

– Det gjekk over eitt år før eg fekk jobb, sjølv om eg søkte aktivt. Eit raskt søk på Finn.no akkurat no viser ingen jobbar relatert til fornybar energi. Eg synest likevel det er viktig at utdanningsmiljøet viser veg ved å opprette denne utdanninga. Sjølv om det er lenge mellom kvar stillingsutlysing, er det mange firma som jobbar med dette, og eg har tru på at det vil bli betre, seier Klementsen.  

LES OGSÅ: 2015 var eit rekordår for fornybar energi

Professor: – For lite kunnskap om fornybar energi
Ifølgje leiar for masterprogrammet, og professor ved geofysisk institutt, Peter Haugan, har litt over 30 studentar så langt fullført master i fornybar energi ved UiB.

– Det er ein litt vanskeleg marknad for alle nyutdanna innan realfag og teknologi for tida. Desse må konkurrere med ein del som har erfaring frå oljejobbar. Det er vanskeleg å kome seg inn og få vist kva ein er god for, seier Haugan.  

– Meiner du at det er for lite kunnskap om fornybar energi?

– Ja, absolutt. Det er mange mytar som kan og bør knusast med god kunnskap. Det er enorme moglegheiter innan fornybar energi og nye energisystem. Verda treng meir fornybar energi for å redusere miljø- og klima-fotavtrykket. Det viktige nå er at sol, vind og vatn kan konkurrere på pris med olje og gass. Fornybar energi kan ikkje berre erstatte oljen, men gjere det på ein billegare og betre måte for alle andre enn dei som er tungt investert i olje, seier professoren.  

Faktaboks

Fakta om studiet:

• Starta opp i 2012
• Studiet har 20 plassar, og ofte over hundre søkarar årleg
• Fleire bedrifter gjev støtte til studiet og til masteroppgåver
• Studiet er eit samarbeid mellom UiB og HiB
• Stillingstittel etter ferdig studie er ingeniør

Kjelde: Universitetet i Bergen