For tredje året på rad flatar dei globale CO2-utsleppa ut. Men er det nok?

Faktaboks

Karbonbudsjettet er eit mål på kor mykje karbondioksid vi kan sleppe ut fram til år 2100, og framleis ha ein sjanse til å avgrense global oppvarming til to grader.

Taket er sett på 1000 milliardar tonn CO2. Vi er allereie over halvvegs

Utrekningane tek utgangspunkt i togradersmålet, som er at vi for å unngå farlege klimaendringar ikkje kan la temperaturen på jorda stige meir enn to grader. Dette er i forhold til førindustriell tid, altså før år 1750.

I 2011 hadde vi brent opp 52 prosent av budsjettet. Om vi held fram som i dag, vil vi bruke opp budsjettet innan 2045.

Kjelde: FNs klimapanel

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei globale CO2-utsleppa frå fossile brennstoff og industri held fram med å flate ut. Det viser den årlege rapporten frå The Carbon Project.

Målet er å halde seg innanfor karbonbudsjettet, som seier at me ikkje kan sleppa ut meir enn 1000 milliardar tonn CO2 fram til år 2100. Det er ifølgje FNs klimapanel vår einaste sjanse til å nå målet om å avgrensa global oppvarming til to grader celsius.

Les meir om karbonbudsjettet her!

Fornybar energi i Kina
2016 er tredje året på rad at utsleppa har auka lite. I 2014 og 2015 var CO2-utsleppa frå industri og fossile brennstoff 36,3 milliardar tonn.

I 2016 ser det ut til at desse utsleppa vil auke med 0,2 prosent til 36,4 milliardar tonn.

Til samanlikning auka desse utsleppa med 2,3 prosent årleg i perioden 2004-2013, før det fall med 0,7 prosent i 2014.

På same tid som CO2-utsleppa flatar ut, auka den globale økonomien med 3 prosent. 

Kina får mykje av æra for å ha bremsa utviklinga. Etter å ha auka utsleppa sine med om lag 5 prosent årleg, har landet klart å kutta utsleppa både i 2015 og 2016.

Endringane vert forklart med mindre etterspurnad etter stål, men òg ein auka innsats på fornybar energi.

USA har òg hatt ei merkbar satsing på energieffektivisering. 

 LES OGSÅ: Fryktar for klimapolitikken med president Donald Trump

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE