Kvite kvinner og menn det har blitt snakka altfor lite om

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Korleis kunne vi ta feil?

Det amerikanske valet har vist oss at det finst ei stor gruppe menneske som har fått for lite merksemd. Det forsømte folket. Ei stor gruppe som ingen har tatt alvorlig, som folk har ledd av og spytta på i årevis. Slik kan vi ikkje ha det. Det kan vere farlig. No er tida inne for å løfte desse folka fram i lyset, sjå dei i auga og seie: Eg ser deg, eg bryr meg.

Valresultatet sendte sjokkbølgjer gjennom USA og verden, skapte uro på børsar og kontora til europeiske statsleiarar, og forårsaka demonstrasjonar i amerikanske byar. Etter dette har mange av oss som skriv i avisa omsider forstått at no må vi vende blikket mot ei stor gruppe kvite kvinner og menn som det lenge har blitt snakka altfor lite om:

Oss sjølve.

Vi som skriv i avisa har vore opptatte av det einaste som betyr noko i ein slik situasjon: Korleis kunne det skje at vi, av alle, ikkje såg dette komme? Vi skreiv alle at Hillary Clinton kom til å vinne. Lett. Korleis kunne vi ta så feil? Vi, som aldri tar feil?

Det kan verke som ein arrogant ting å skrive, at vi som skriv i avisa aldri tar feil. Men det er faktisk sant. Mange av oss har aldri tatt feil. Og det har ei grei forklaring. Når du skriv i avisa, og spesielt om du er ein av desse som skal meine ting, då har du to vegar å gå: Du kan meine ingenting. Eller du kan meine det same som alle andre som skriv i avisa.

Dersom du skal meine ingenting, må du halde deg til formuleringar som: Kva det endelige resultatet blir, det gjenstår å sjå. Korleis dette går, vil vi vite først når alle stemmene er talde opp. Det blir spennande, men ingenting er avgjort før det er avgjort. Det kan gå begge vegar.

Dette kan verke kjedelig, men du vil bli forbausa over kor mange av oss som har klart å basere lange karrierar på slikt.

Alternativet er altså å meine det same som alle andre. Mange av oss tyr til det.

Og poenget er: Alle forstår jo at viss du meiner ingenting eller det same som alle andre, då er det statistisk sett svært usannsynlig at du nokon sinne tar feil.

Likevel skjedde det altså denne gongen. Og det bryr oss. Veldig.

Det finst folk i USA som ikkje har jobb, ikkje har pengar. Dei er sinte, dei hatar Washington. Folk ler av dei viss dei i det heile tatt legg merke til dei. Dei har hatt det vondt lenge, og no har dei fått nok.

Greitt nok det. Men kva med oss?

Det er spørsmålet vi må våge å stille. Ikkje eingong vi som skriv i avisa kan vere framande for å drive sjølvkritikk. Sjølvkritikk betyr trass alt at vi får skrive om oss sjølve.

Vi som skriv i avisa, statistikarar, ekspertar og statsvitarar har spurt oss sjølve om det rett og slett er slik at vi ikkje forstår korleis vanlige folk har det. Mange av oss har kollegaer som har vore i Amerika og intervjua nokon som tygg skråtobakk, så det er ikkje det at vi ikkje er klar over at det er mykje vondt i verda. Men likevel har vi altså bomma.

Og når eg skriv at har spurt oss sjølve om dette, så meiner eg det heilt bokstavelig. Vi som skriv i avisa har spurt statistikarar, ekspertar, statsvitarar og andre som skriv i avisa korleis det kunne skje at statistikarar, ekspertar, statsvitarar og folk som skriv i avisa kunne ta så feil.

Og vi har fått svar. Det er det som er så fint. Vi har funne forklaringar på korleis vi kunne ta så feil. Og eg kjenner meg heilt sikker på at desse forklaringane er rette. Forklaringane kjem trass alt frå ekspertar. Og statsvitarar. Og folk som skriv i avisa.

Ein dag kan det sjølvsagt komme til å vise seg at desse forklaringane ikkje er rette likevel. Det har vi lært no. Korleis vi kjem til å reagere då, det gjenstår å sjå. Ingenting er avgjort før det er avgjort. Det kan gå begge vegar. Minst.


Først publisert i Aftenposten 12. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!