Årets unge bonde har drive gard sidan han var 17 år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har drive gard sidan han var 17 år

Ingve B. Berntsen (30) frå Hå kommune på Jæren er kåra til Årets unge bonde 2016. Kåringa fann stad under Ung Bonde-samlinga i Oslo laurdag 12. november.

– Eg brenn for jordbruket og for å få fleire til å sjpdet skattekammeret av mulegheiter landbruket og norske gardsbruk faktisk er, seier Berntsen i pressemelding frå Norges bygdeungdomslag.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer vinnaren.

– Det er heilt avgjerande at vi har unge bønder som vil satse på landbruket, som utnyttar ressursane på garden og som leverer produkt av høg kvalitet. Årets unge bonde er ein verdig vinnar, seier Dale i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Sa opp jobben i olja, byrja som bonde

Satsar på utryddingstrua rase
Årets unge bonde er heiltidsbonde og har drive gard sidan han var 17 år. Drifta er basert på produksjon av kvalitetskjøt frå den utryddingstrua rasen Vestlandsk Fjordfe. Ingve Berntsen er oppteken av dyrevelferd og har nyleg bygd eit nytt fjøs, med mykje lys og plass. Her tek han sikte på å utvide drifta.

Berntsen er utdanna agronom, i tillegg til ein bachelorgrad i nyskapning og samfunnsutvikling. 

Juryen for Årets Unge Bonde blei i år leia av landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Dei andre medlemane er leiar i Norges Bygdeungdomslag (NBU) Tora Voll Dombu, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Anne Jødahl Skuterud, administrereande direktør i McDonald’s Norge AS Lauren Cody Källén, rektor hjå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Dag Jørund Lønning og programleiar Arne Hjeltnes.

Juryen skriv om vinnaren:

– Vinnaren av Årets unge bonde viser pågangsmot og gründerskap. Vinnaren har eit klart engasjement for lokalmat og korleis ein skal nytte ressursane på ein god måte. Han er ein person som er oppteken av nyskaping og samfunnsutvikling, og legg ned mykje eigeninnsats på garden. Han er ein særs god representant for næringa, ein modig person og eit inspirerande førebilete.

LES OGSÅ: Fleire unge vil satsa på landbruk

Mange verdige kandidatar
Årets unge bonde vert i år kåra for sjuande gong. Det har vore ei svært god og positiv oppslutting om kampanjen. Om lag 400 unge bønder under 35 år blei nominerte til Årets unge bonde 2016. Blant disse kom 19 nominerte vidare til semifinalen. Fem unge finalistar vart stemt fram via NBU og Facebook.

– Alle finalistane er gode førebilete som kan inspirere fleire til å satse på ei karriere i landbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale