Framfor hundrevis av tilskodarar dissar Mui Diep terrorgruppa IS i sin eigen rappelåt. 

Eg berre kjem på dei, seier Mui om sine eigne tekstar.

Under namnet Muikatsu har Mui rappa sidan ho var åtte, og har til no skrive fleire tekstar sjølv. Den eine fekk ho ideen til i mattetimen, for songen handlar om kor lite ho likar matematikk.

Men ein annan song har eit litt meir alvorleg tema, den handlar nemleg om Syria og om kor dumme terrorgruppa IS er.

Mamma Nhu Diep skyt inn:

– Ho skriv dei utan hjelp frå nokon. Pappaen lagar beat på vinylplater som ho rappar til. Sidan han er musikkprodusent og DJ, fiksar han også mange spelejobbar for henne, seier ho.

Mui. Foto: Nhu Diep (privat)
Mui, aka Muikatsu, synest det er veldig gøy å rappe. Til no har ho skrive låtar om både pandabjørnar, Syria og mattetimar.  Foto: Nhu Diep.

Mui har allereie rappa på fleire konsertar og festivalar. I sommar var ho det einaste barnet som rappa under ParkJam i Nygårdsparken, og ho rappa også ved Rullefestivalen og under Mat-og ølfestivalen i Bergen i haust. Sjølv synest Mui at ho får for mykje betalt.

– Eg har fått betalt med kinobillettar og pengar. Dei vil eg bruke på klede og på TGR (ein altmoglegbutikk, journ.merk.).

LES OGSÅ: Rapparen Gyda (23) om mannsjåvinisme i bransjen

Rappar på norsk
Mui kjem frå ein musikalsk familie, der musikken nesten alltid er på i heimen. Gjennom pappaen Espen Horne har Mui blitt introdusert for andre rapparar.

Mui Foto: Elise Løvereide
– Eg har fått betalt med kinobillettar og pengar, seier Mui. Foto: Framtida.no

– Kven er forbilda dine?

– Simon Alejandro, Action-Man og Kløverknekt, for dei rappar også på norsk og dei inspirerer meg, svarar det unge rappetalentet.

Då artisten Simon Alejandro arrangerte låtkurs i rapping, fekk Mui ei rimbok som ho har nytta mykje til å skrive tekstar med.

Simon Alejandro er på sin side imponert over Mui sitt rappetalent:

– Muikatsu har eit naturleg talent for musikk med ein eigen forståing for rim og rytme. Eg er verkeleg imponert over henne, og gler meg til å følgje med på henne og å høyre kva ho kjem med av musikk framover, seier bergensrapparen.

LES OGSÅ: – Dei har undervurdert oss skikkeleg

Mui. Foto: Nhu Diep (privat)

– Litt flaut
Ein annan av songane hennar handlar om ein pandabjørn.

– Nokre tekstar er litt djupe og andre er meir kvardagslege. Det er gøy å skrive eigne tekstar, og kult å rappe.

Men ikkje alle i klassen veit at ho rappar, for Mui synest det kan vere litt flaut.

– I byrjinga rappa eg med maske, men det treng eg ikkje lenger. Det er flaut å rappe for vennene mine, men ikkje for eit stort publikum.

Før ein opptreden gruar ho seg, men det går alltid bra.

– Er det nokon andrepå din alder i Bergen som også rappar?

– Ingen i klassen min. Det har vore nokre andre barn som har rappa der eg har opptredd, men ingen andre jenter, seier Mui.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Liker best rapping
Men sjølv om det går mykje i rap, høyrer bergensjenta også på annan type musikk.

– Når vi har kunst- og handtverk får vi lov til å høyre på musikk. Eg liker å sette på topp 10 mest spelte sangar, og så liker eg songen «We are never ever getting back togehter» av Taylor Swift.

Ho har også vore med i kor, men slutta fordi alle songane handla om Gud.

– Det er meir morosamt å rappe, seier Mui.

LES OGSÅ: Korsong kan gje flyktningar eit betre liv

Oppdatert: sundag 11. juni 2017 21.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE