Dikt, overgrep og svart humor
Blant dei nominerte til Ungdommens kritikarpris finn me to diktsamlingar, romanen Arv og miljø av Vigdis Hjorth og svart humor frå Nina Lykke.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag – torsdag 10. november – offentleggjorde Foreningen !les dei åtte kritikarfavorittane som er nominert til Ungdommens kritikarpris.
Dei nominerte bøkene er norske skjønnlitterære vaksenbøker utgitt i 2016. Fram til mars 2017 skal over 150 elevar fordelt på sju juryklassar frå ulike linjer lese og vurdera bøkene.
Dei nominerte er:
Nina Lykke: Nei og atter nei. Oktober
Vigdis Hjorth: Arv og miljø. Cappelen Damm
Thomas Marco Blatt: Varsjøen. Kolon
Kjartan Hatløy: Den kvite vegen:stemningar frå Salbu. Oktober
Gro Dahle: Søster. Cappelen Damm
Terje Holtet Larsen: Angiveren. Oktober
Victoria Kielland: Dammyr. No Comprendo Press
Inghill Johansen: Bungalow. Oktober
Jurymedlem og kritikar i Bergens Tidende, Silje Stavrum Norevik, fortel at ein usedvanlig sterk bokhaust gjorde det utfordrande å skjære ned til desse åtte kandidatane
– Dei nominerte er nokså ulike i tematikk og komposisjon. Fleire byr på nådelause portrett av middelklasse-nordmenn, medan andre skildrar brutaliteten som kan oppstå i nære relasjonar. Samtidig er humoren nærliggjande. Eit fellestrekk, anten det er poesi eller prosa, er ei eiga språkleg klo, seier Norevik i ei pressemelding.
Nynorsk poesi
Gro Dahle og Kjartan Hatløy står for poesien blant nominasjonane. Hatløy sine dikt i Den kvite vegen: stemningar frå Salbu, som er utgitt på forlaget Oktober, er einaste nynorskutgjevinga blant dei nominerte. Her tek han lesaren med til heimplassen sin ytst i Sognefjorden.
Forlaget Oktober har kapra halvparten av nominasjonane på ei elles svært variert liste.
Daglig leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, gler seg til å høyre elevane sitt syn på desse bøkene.
– Vi får alltid gode og uventa svar når vi spør ungdom om deira meiningar om kritikarroste bøker, seier Voldner i pressemeldinga.
Prisutdelinga finn stad på Sentralen i Oslo torsdag 9. mars 2017.
Faktaboks
Juryklassene er:
Akershus: Bjertnes, 2. klasse STF
Sør-Trøndelag: Strinda, 2. klasse STF
Finnmark: Kirkenes, 2. klasse, Helse og oppvekst
Hordaland: Knarvik – Hordaland, 2. klasse STF
Hedmark: Hamar katedralskole, 2. klasse STF
Rogaland: Stavanger offshore, 2. klasse, Brønnteknikk
Aust-Agder: Møglestu, 1. klasse STF