Studentar seier til nei cannabis-legalisering

Over halvparten av dei spurde i ei undersøking blant norske studentar meiner at cannabis ikkje bør bli legalisert, skriv Universitas.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga, som er utført av Sentio på vegne av Norsk studentorganisasjon (NSO) og Universitas, er 1008 studentar spurde om cannabis bør legaliserast. 27 prosent svarte ja, 53 prosent svarte nei og 20 prosent svarte at dei ikkje veit.

– Det er ikkje noko stort ønske blant politikarar og folk flest om å legalisere cannabis. Tidlegare undersøkingar på befolkningsnivå viser at så mange som 77 prosent er imot legalisering. Universitas si undersøking er eit interessant innspel i debatten fordi den viser stor motstand også blant studentar, seier generalsekretær i Actis Mina Gerhardsen til Universitas.

Ester Nafstad, leiar av organisasjonen Normal, som støttar legalisering, meiner derimot at tala viser at norske studentar er på glid.

– Eg synest at 27 prosent er eit ganske høgt tal og prosentdelen studentar som støttar legalisering er høgare enn elles i befolkninga. Eg trur talet kjem til å auke og om fem-seks år håpar eg at 50 prosent av befolkninga vil vere for ei legalisering, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Lærevanskar av cannabis