Fargerik kunstnar med fargerik bil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i avisa Nordhordland.

Den vesle bilen til Tommy Vågen er kreativt dekorert både utvendig og innvendig. Med hytte på Rossland i Meland er han ofte å sjå på vegane i Nordhordland med den fargerike bilen.

Den vart først dekorert for å skapa merksemd rundt partiet «Folkemakten». Partiet stilte liste til førre Stortingsval med Tommy på andreplass på lista i Bergen.

– Då var den meir stygg. Sidan den gongen har eg gjort mykje med den. No er det meir «For ein kul bil» som er reaksjonane, fortel han.

 Tommy Vågen.
Tommy Vågen er lett å sjå på vegane i Nordhordland. Foto: Morten Sæle

Positive reaksjonar
Tommy fortel at spesielt ungar reagerer positivt på bilen.

– Parkerer eg ved ein skule får eg alltid masse merksemd, dei synest det er ein artig bil. Ein gong var det nokon som hadde skrive «Kul bil!» på gata framfor bilen, fortel han.

Multikunstnaren har alltid mange prosjekt på gong. Du har kanskje høyrd om hans prosjekt med kunstmåling under vann, eller bilen som kan brukast som basseng, og som må køyrast med dykkerutstyr?

For tida jobbar han med å innreda ein privat pub i Nordhordland i engelsk stil.

– Har opplevd mykje
Han har også gitt ut fleire bøker, den siste er barneboka «Tools» om skiftenøkkelen Shifty og leddnøkkelen Zoe som kom ut for nokre år sidan. No jobbar han med nytt bokprosjekt.

– Det blir ein spaningsbok frå verkelegheita, fortel Tommy, men akkurat korleis boka vert er ikkje klart endå.

– Eg har opplevd mykje, og høyrd mange historiar, så må eg bestemma kva eg skal ta med og ikkje, seier den fargerike kunstnaren.

LES OGSÅ: Sjølvstyrande bilar – kven må døy?