– Veslemøy er inga A4-jente
I helga vart Arne Garborgs diktsamling «I Helheim» teaterframsyning. Teatergruppa meiner at stykket om den psykisk sjuke gjetarjenta, som vandrar gjennom Helvete, er like aktuelt i dag som i 1901.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Veslemøy er jo inga A4-jente, slår pianist og teateraktør Ingvill Holter (32) fast.
Dei siste fire åra har ho jobba med prosjektet i lag med Marita Kjetland Rabben (30). Begge blei bergtatte av Garborg-verket.
– Den første boka om Veslemøy, Haugtussa, er jo godt kjend. Men oppfølgaren er ein av Garborgs minst kjende bøker, blir det sagt. Kanskje er det på grunn av at ho var såpass kontroversiell, seier Holter om boka frå 1901.
I helga vart «I Helheim – Ein guida tur gjennom helvetet» spelt på Cornerteateret i Bergen.
LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette
Vandrar i underverda
Mot slutten av Haugtussa blir Veslemøy svært sjuk. Det er i neste bok vi følger Veslemøy i ein slags draum over sju dagar. I draumen blir vi vitne til både groteske og morosame reiseskildringar gjennom eit surrealistiske univers.
– Det som kanskje var kontroversielt med historia, og årsaka til at ho vert så ukjend i samtida, er Veslemøy sine psykiske problem. Ho ser syner og alt det vonde i folk. Ho føler nok ikkje at ho passar heilt inn, trur Holter.
I Helheim ser Veslemøy si daude syster, og saman med guiden Volva går dei tre i lag gjennom underverda.
– I draumen til Veslemøy får vi eit oppgjer med maktmisbruk og med folk som brukar posisjonane sine til å oppnå fordelar. Boka er såleis veldig samfunnskritisk, der mellom anna prestar, journalistar og musikarar får tilpassa straffer i Helvete.
– Det var heilt tilfeldig at vi kom over «I Helheim» av Garborg på nettet, fortel Marita Kjetland Rabben og Ingvill Holter. Dei har vore ein duo sidan bachelorutdanninga på Edvard Grieg musikkakademi.
«Vidopne gapi stod, og heile Helvite lo»
Både Holter og Kjetland Rabben verte svært fascinerte av språket i boka.
– Språket var hovudårsaka til at vi ville sette boka opp som teater. Det er svært rikt og musikalsk. I tillegg inneheld boka mykje svart humor, seier Holter.
– Det er eit spennande språk, inspirert av norrønt, understrekar Kjetland Rabben.
Begge meiner at temaet framleis er aktuelt.
– Eit helvete er relativt. Det kan vere aske, ild, og svært bibelsk. Men det kan også vere eit personleg helvete innvendig, seier Kjetland Rabben.
Sjølv tolkar dei historia som at Veslemøy går gjennom ei prøving, eller sjelegransking, der ho skal finne ro og ufarleggjere alt det vonde. Ofte møter ho på sjeler i underverda som er maktsjuke, egoistiske og som skryt av eige handlingar. Det er dei usjølviske menneska som kjem til Perleporten.
– Stykket har mange bibelske referansar, men er likevel evig aktuelt, seier Holter.
LES OGSÅ: Arne Garborg: Sanningssøkjaren
– Samfunnskritisk verk
Skodespelar Sebastian Eilertsen (23) har fleire roller i oppsettinga. Han meiner Garborg både er kritisk til samfunnet og til religion.
– Teksten er spennande, men utfordrande å forstå. Eg trur Garborg ville gjere narr av mange samfunnsaktørar. Målet er å kunne sjå seg sjølv utanfrå, og å tenkje over verdiane i livet, seier han.
Også skodespelar Madalena Helly-Hansen (29), som spelar Veslemøy, at I Helheim er dagsaktuelt.
– I stykket ser vi ein kontrast mellom det gamle og det moderne, og folk vil alltid vere opptatt av Helvete. Temaet er tidlaust, meiner ho.
– Kampen mellom det gode og det onde er jo eit vanleg plot, også i I Helheim, seier Sebastian Eilertsen. Han spelar mellom anna ein avispave.
– Trur Garborg ville gjeve ståande applaus
Det er leiar ved Garborgsenteret på Jæren, Inger Undheim, samd i.
– Sjølv om verda endrar seg er menneska og dei store spørsmåla i livet dei same. Garborg gjer det vanskeleg for lesaren å vere likeglad til urett og intoleranse, og oppmodar oss til å tenkje sjølve, meiner Undheim.
Ho er svært nøgd med at I Helheim verte eit teaterstykke, og trur Garborg sjølv ville reagert med ståande applaus.
– Eg trur han hadde vorte stolt og glad. Innhaldet i I Helheim er svært visuelt. Samstundes kan diktverket vere krevjande å lese på grunn av arkaisk ordval og ei streng bunden form. Kanskje vil verket kome betre til sin rett når ein får høyre, sjå og oppleve teksten.
Regissør Øyvind Osmo Eriksen trur mange kan kjenne seg att i stykket, som vart spela i Bergen i helga.
– Kanskje er det bra med litt tvil – også til seg sjølv, seier regissøren.