Handtrykkar kjendisfjes i mamma sin kjellar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trond Torsvik, aka James Trond, er ingen vanleg jusstudent frå Bergen. Då han som 22-åring ville bu for seg sjølv, kjøpte han ei campingvogn. I eit halvt år budde han der, og starta trykkeriet sitt, før vogna i 2013 blei påtent.

– Vitne hadde sett tre personar springe der i frå, men politiet fann aldri ut kven som gjorde innbrotet og deretter tente på, seier Trond om sin tidligare heim.  

Campingvogna på Gyldenpris brente heilt ned, og alt utstyret vart til aske. Då bestemte Trond seg for å kjøpe ei skute.

James Trond Campingvogn

Som 22-åring kjøpte Trond seg ei campingvogn til å bu i, og etablerte trykkeriet sitt her. Då ho blei påtent kom saka både i Bergens Tidende og i Bergensavisen.

– Eg tok båtlappen dagen før eg kjøpte skuta, seier han og ler.

Han henta ho i Oslo og segla til Bergen – for første gong. Men trykkeriet vart for stort til å bu i båt. Til slutt enda det opp på barnerommet til Trond – heime hjå mamma.

– Det er kjekt å kome heim og jobbe, og å få litt kake og kaffi samtidig, seier han.

– Kva synest mor di om å ha eit trykkeri i kjellaren?

– He he. Ho er veldig kunstinteressert sjølv, så ho synest berre det er gøy, seier Trond.

LES OGSÅ: Barnslig (27) målar monster over heile Bergen

Statsminister tok ein i veska
Ved sidan av jusstudiene og den kreative deltidsjobben er Trond aktiv i grafittimiljøet i Bergen.

Genserane han produserer er laga med silketrykk. I trykkeriet har han mellom anna kjemikalium, mekanisk utstyr og silkerammer.

– Silketrykk er ein metode laga på 1400-talet, og har same teknikk som den gamle boktrykkarkunsten. Men i prinsippet gjer eg det same som maskinane gjer i dag, berre for hand.

Først finn han eit foto han vil bruke, og lyser UV-strålar på det. Etterpå spyler Trond bildet med vatn, slik at det som ikkje har fått stråling, forsvinn. Deretter legg han måling på og trykker dette på genseren. Alt har han lært gjennom YouTube.

– Det tok kanskje eit halvt år å lære alt saman. Målet var å ha ein deltidsjobb, og det blei det jo.

I dag er Trond heime ein dag i veka for å trykke opp mange genserar – alle med kjende fjes på. Men spesialiteten hans er politikarar.

James Trond handtrykkeri– Det starta som eit sideprosjekt, men så blei det hovudprosjektet. Det skulle berre vere for gøy.

Både Fabian Stang, Putin, Trump, Tine Sundtoft, Olav Thon og Erna Solberg fått sine andlet trykka på James Trond sine genserar.

Statsministaren fekk personleg det siste eksemplaret av sitt eige andlet.

– Det var målet mitt at ho skulle få den. Då ein BA-journalist overrekte henne genseren, lo ho visst godt. Dei sa også at ho tok den nedi veska, fortel Trond.

LES OGSÅ: Fred, kjærleik og resirkulering på brystet

Kledde Listhaug i hijab
Med Sylvi Listhaug-genseren, vart det verre. Trond tenkte at ein integreringsminister burde vel ikkje ha noko problem med å kle seg i hijab, så han sette like greitt ein på henne. Men då Dagbladet skreiv om at bandet Honningbarna nytta bildet på storskjerm under ein konsert, vart det debatt.

– At Listhaug hadde ein hijab på skapa mykje misnøye i kommentarfeltet, men eg håpar ikkje at nokon blir sinte av det eg gjer, seier Trond.

Listhaug sjølv var på ferie, og det er uvisst kva ho tenkte om påfunnet. Hotellkonge og milliardær Olav Thon likte på si side godt andletet sitt på genseren, då han fekk ein i 93-årsdagen sin.

LES OGSÅ: Hijabfeminisme

Lite norske fjes på klede
Ifølgje Trond sel politikarane omtrent like godt.

– Eg prakka genserane på alle vennene mine, og så venner av venner, og no er det blitt ganske mange kundar, fortel Trond, som i dag sel 10-20 genserar per veke.  

Tenkjer du at du indirekte bidrar til reklame for desse politikarane?

– Alt er vel på ein måte reklame. Men dette er berre eit fjes. Eg har ingen politisk agenda. Det er opp til kundane kva dei vil uttrykkje, meiner Trond.

Ideen om å ha politikarfjes på genserane, byrja som noko gøy, men også fordi Trond syntest det mangla:

– Rundt om i verda er det vanleg å ha kjende fjes trykka på klede, men norske kjendisar, og i alle fall politikarar, er ikkje så vanleg. Så då tenkte eg at eg skulle prøve det, avsluttar jusstudenten.

LES OGSÅ: Satsar på berekraftig handel – ned til minste teipbit