Ved utgangen av oktober var det nær 5.700 barn og unge i asylmottak i Noreg.

NPK-NTB
NPK-NTB

Tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI) viser at det var 1.696 barn i alderen 0 til 5 år, 974 barn i alderen 6 til 10 år og 2.992 unge i alderen 11 til 17 år på mottak ved sist månadsskifte.

Talet på vaksne var 11.507 slik at det totale talet er 17.169 menneske i norske asylmottak.

Dette er likevel ein nedgang samanlikna med september, då det var 18.640 asylsøkjarar i mottaka fordelt på 1.827 søkjarar (0-5 år), 1.049 (6-10 år), 3.207 (11-17 år) og 12.557 (vaksne).

Fram til oktober i år var det flest asylsøkjarar frå Syria (5.641). Deretter følgjer Afghanistan (3.559), Irak (1.656), Iran (1.291), Eritrea (1.114) og Etiopia (1.110). Ingen andre land enn desse passerte tusentalet.

Fordelt på alder er den klart største gruppa vaksne frå Syria (4.274). Nest største gruppe er unge frå 11 år til 17 år frå Afghanistan (1.941) føre vaksne frå same land (1.261), vaksne frå Irak (1.211) og vaksne frå Iran (1.020). Dei andre gruppene ligg under tusen individ. (©NPK)

LES OGSÅ: UDI: – Asylmottak er aldri ein god idé

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE