I Pohjolas skogar

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjem ein vestfrå, ligg den fyrste grenseovergangen frå Noreg til Finnland i Skibotndalen i Troms. Her kjem ein inn i det nordvestre hjørnet av Finnland, til ei lita arm klemt inn mellom Noreg og Sverike. Vegen vidare fylgjer grensa mot Sverike, som igjen fylgjer elvene Konkämä og Muonionjoki.

Denne grensestrekninga vart trekt opp då Sverike i 1809 måtte avstå Finnland til Russland. Storfyrstedømet Finnland vart oppretta og underlagt tsarens overherredøme, men fekk ein stor grad av sjølvstende. Det var i det neste hundreåret at ein finsk nasjonalisme verkeleg byrja bløme, med kulminasjon ved den russiske Oktoberrevolusjonen i 1917, då Finnland endeleg såg sitt snitt til å erklære seg sjølvstendig.

Den finske Ivar Aasen
Nasjonalistiske kjensler var på frammarsj i mange europeiske land utover 1800-talet, ikkje minst i Noreg, og ein viktig del av jakta på den nasjonale identiteten låg i leitinga etter røtene, det kulturelle opphavet. Det galdt ikkje minst for Elias Lönnrot, filologen, litteraturforskaren og lækjaren som har vorte kalla den finske Ivar Aasen. Han reiste mykje rundt i dei finske skogane og samla inn folkesongar og eventyr. Kunstnariske fridommar måtte det bli nokre av, men så vart det då til slutt eit stort stykke litteratur han snekra saman, det episke diktverket Kalevala.

For oss som ikkje er så stødige i det krevjande finske språket, finst ei glimrande omsetjing til klingande telemål, ved filologen Albert Lange Fliflet. Parallelt med lesinga kan ein lyde til fleire stemningsfulle musikkstykke forma over stoffet i Kalevala, ved den store finske komponisten Jean Sibelius. Den finske biletkunstnaren Akseli Gallen-Kallela har dessutan laga ei rekkje sermerkte måleri med utgangspunkt i det same mytiske materialet.

Inndelt i songar med ein fast suggerande rytmikk, fortel Kalevala mange ulike historier, frå mange ulike sider ved livet i det gamle Finnland. Ein får innblikk i kvardagslivet til vanlege menneske, men her finst òg sterke overnaturlege element. Naturoppfatninga er utprega animistisk, heile den store audna har liv.

Utrulege krefter
Sentralt i mytologien står Väinämöinen, son av kjempa Kaleva og luftjomfrua Ilmatar. Han er ein durkdriven skald og ikkje minst traktør av kantelen, strengeinstrumentet som han sjølv skal ha gjeve det finske folket i gåve. Men sjølvsagt er han òg sjaman med utrulege krefter.

Ein av dei fyrste songane i Kalevala dreier seg til dømes om møtet mellom Väinämöinen og den sjølvgode jyplingen Joukahainen. Ei songtevling dei imellom endar med at Väinämöinen galdrar Joukahainen fast i bakken, og han slepp berre fri fordi han lovar Väinämöinen syster si til kone. Men den vakre Aino vil slett ikkje gifte seg med den gamle trollmannen, så ho flyktar til havet og druknar seg. Mor hennar græt slik over den fagre dotter si at tårene hennar blir til tri floder, som alle søkjer seg mot havet.

Det lange og brokete verket teiknar opp eit skilje mellom to ulike folk, og på eitt vis to ulike land, som riktig nok båe er samla i eitt land i dag. I sør finn vi Kaleva-ætta i Suomi, eit område som verkar lyst, mildt og sivilisert imot det mystiske Pohjola i nord, ei kald og bitter øydemark som vel kan samanliknast med Jotunheimen i norrøn mytologi.

«Full av hat er heile skogen, gramme greinin uppå trei, / kvòr den bjørk meg høgg i herdi, kvòr den or meg sting i sida. / Berre vinden er meg vensæl, einast soli kjær og kjenning / uppå desse framandlondi, her med dei ukjende dyrnan,» seier Väinämöinen under ei reise i Pohjola.

Skog, skog og atter skog
Tilhøvet mellom nord og sør er likevel greitt nok, heilt til Kaleva-ætta stel den forunderlege kverna Sampo med seg sørover. Det var meistersmeden Ilmarinen, same mann som skal ha hamra ut sjølve himmelkvelven, som i si tid smidde Sampo. Kvar natt og kvar dag mel ho salt, mjøl og pengar for folket i Pohjola. Striden om kverna blir lang og hard, men folket i sør står sigrande att til slutt.

Men fer ein frå Noreg til Finnland, er det vel nettopp til Pohjola ein kjem. Nord-Finnland er eit stort og monotont landskap der fåe menneske bur. Mest av alt ser ein skog, skog og atter skog. Men innimellom trea glimtar dei tusen sjøane. Held ein augo opne, får ein kanskje endåtil ein skimt av ei einsleg svane på vatnet.

Dyster stemning
Kan det kanskje vera sjølvaste Tuonela-svana som er komen opp i dagen, ho som vanlegvis sym ved inngangen til daudsriket? Jo då, stemninga i Kalevala – og kanskje i Finnland generelt? – er ein smule dyster.

Men heldigvis finst det noko som er større enn oss forgjengelege menneske, og som går på tvers av alle tidsaldrar, slik Väinämöinen veit å seia det:

«Aldri gjeng’e ordi under, sterke visur kann kje strupe; / visdomen vert på jordi verand, endå dei vise gjeng til jordi.»