Kan du laga bubilen frå «Breaking Bad» i peparkakedeig? Då er Nasjonalmuseet sin bakekonkurranse «Baking Bad» noko for deg.

NPK
NPK

Gjennom konkurransen «Baking Bad» vil Nasjonalmuseet at folk skal lage ikoniske bygg av peparkakedeig med inspirasjon frå populærkulturen.

Mange forteljingar frå populærkulturen har ikoniske bygg. Når vi høyrer om Pippi, Mummitrollet, Olsenbanden, Broen eller Downton Abbey ser vi gjerne for oss arkitekturen som ramme for handlinga.

No arrangerer Nasjonalmuseet ein peparkakehus-konkurranse der publikum byggjer ein modell av eit ikonisk bygg frå ein sjølvvalt tv-serie, film, teikneserie, teaterstykke, bok, eventyr eller liknande.

Minst 80 prosent av modellen må vere i peparkakedeig og/eller eit anna etande materiale. Bidraget skal vere montert på ei plate som ikkje er større enn 45 x 45 cm.

Ein kan vinne fleire prisar i konkurransen: Fagjuryens prisar og publikumsprisen, der publikum vert invitert til å stemme på det peparkakehuset dei synest er finast. Fagjuryen vil bestå av kvalifiserte arkitektar og kokkar/konditorar.

Bidraga må Nasjonalmuseet ha innan 27. november. (©NPK)

La deg inspirera:
Vegard Heimstad (14) laga Taj Mahal og Eiffeltårnet i peparkaker

11 handverkarar og ein arkitekt laga Gol stavkyrkje i peparkaker

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE