300 millionar barn i verda pustar inn giftig luft, ifølgje ein rapport frå FNs barneorganisasjon UNICEF.

NPK-NTB-Ritzau
NPK-NTB-Ritzau

Barna lever i dei områda på kloden med størst luftforureining.

– Luftforureining er ei avgjerande medverkande årsak til at omkring 600.000 barn under fem år døyr kvart år, og det trugar livet og framtida til millionar kvar dag, seier UNICEF-direktør Anthony Lake.

Den giftige lufta er spesielt farleg for barn, sidan kroppane deira enno ikkje er fullt utvikla. Dei trekker også pusten raskare enn vaksne og pustar inn større mengder luft sett i forhold til vekta.

– Forureining skader ikkje berre utviklinga til lungene til barna. Det kan faktisk krysse blod-hjerne-skiljet og permanent skade utviklinga av hjernane deira og dermed framtida deira, fortel Lake. (©NPK)

Les også: I 2013 dokumenterte UNICEF at barnedødelegheita er halvert sidan 1990

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE