Regjeringa splitta om skulegudstenester

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulegudstenester splittar regjeringa

Regjeringa er splitta internt i synet på om det bør krevjast aktiv påmelding til skulegudstenestene eller ikkje. KrF-leiar Knut Arild Hareide ber om ei avklaring.

Medan kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) ikkje anbefaler aktiv påmelding, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og Utdanningsdirektoratet at det bør vere aktiv påmelding, skriv Dagen.

Aktiv påmelding har vore eitt av dei viktigaste krava til Human-Etisk Forbund.

– Ei aktiv påmelding til religionsutøving i skuletida strekar under kva som er skulen sin eigne aktivitet til forskjell frå kva som blir tilbode frå eksterne aktørar, seier pressesjef Jens Brun-Pedersen.

KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner regjeringa bør avklare kva den meiner.

– Vi ser ikkje behovet for nasjonale retningslinjer der det blir aktiv påmelding. Vi er opptekne av at dei som ønsker fritak, skal få det. Men vi kan ikkje ha byråkratiske reglar som hindrar deltaking på skulegudstenester, seier Knut Arild Hareide. (©NPK)

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne