Alle bilane til Tesla skal bli sjølvkøyrande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Video: Teslaen som køyrer sjølv

Alle nye Tesla-bilar skal bli sjølvkøyrande, lovar eigaren og grunnleggjaren av den amerikanske elbilprodusenten, Elon Musk.

Tesla-bilar skal heretter utstyrast med avanserte sensorar og kamerautstyr som vil gjere dei i stand til å tilbakelegge lange strekningar utan at sjåførar treng å halde i rattet eller trykkje på pedalar.

Den nye teknologien vil gjere bilkøyring dobbelt så trygt, hevda Musk då han presenterte nyheita under ein pressekonferanse i Silicon Valley onsdag.

Målet er å gjere sjølvkøyrande bilar ti gonger tryggare enn dagens bilar med sjåfør bak rattet, streka han under.

Blir dyrare
Den nye teknologien vil gjere Teslas modellar over 20 prosent dyrare, medgir Musk, som likevel meiner at det vil vere verdt det.

Tesla tilbyr allereie eit system for automatisk styring og bremsing på bilane sine, kalla Autopilot, men denne teknologien skal berre brukast under overvaking av bilføraren.

Det nye systemet vil ifølgje Musk bli langt meir avansert. Dei framtidige bilane til Tesla vil blant anna bli utstyrt med åtte kamera, mot det eine som følgjer dagens Autopilotsystem.

Sensorane vil også få dobbelt så stor rekkevidde som tidlegare og datakrafta i bilane vil bli 40 gonger så høg som i dagens system. Hjernen til bilane vil ifølgje Musk vere i stand til å utføre tolv trillionar operasjonar i sekundet, det vil seie tolv millionar operasjonar.

– Det vil eigentleg bli ei superdatamaskin i ein bil, sa Musk onsdag.

Sjå videoen av ein Tesla som køyrer sjølv:

Krev lovendring
Kva tid dei sjølvkøyrande bilane til Tesla vil få sleppe til på vegane, er framleis uklart. Det føreset lovendringar i mange land, blant anna USA.

Tesla er ein liten bilprodusent og lagar berre 100.000 bilar i året, men håpar ifølgje Musk å kunne femdoble dette alt frå 2018.

Dei fleste bilprodusentar jobbar i dag med utvikling av sjølvkøyrande bilar, og det same gjer Google og bildelingstenesta Uber. (©NPK)

LES OGSÅ: FpU: Tvilar på forbod mot menneskelege sjåførar