4 tips for ein vellukka NaNoWriMo

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NaNoWriMo er eit globalt fenomen, og samlar nærare ein halv million skrivelystne til ein månad med frustrasjon og skriveglede. I november skal nesten 600 nordmenn prøve å skrive ein roman på 30 dagar. Her er tips frå fire erfarne NaNoWriMo-deltakarar:

Freja Dohrn Ellefsen (17) frå Sandefjord, har delteke sidan 2013

– Eg skal fortsette på tidlegare NaNoWriMo-historier, og planlegg karakterar og plott ved å bruke tankekart med massevis av piler, lister og skjema. 

– Rekorden min er 10.000 ord kvar dag, men eg pleier å skrive poesi – korte dikt. I tektsane mine fortel eg historier om menneske og verdenar ikkje så langt frå vår eiga.  

Har du tips til nye skrivarar?

– NaNo er for alle som vil. Du må ikkje vere forfattar for å skrive – du må skrive for å vere forfattar. Viss eg kan, kan du.


Kjetil Kverndokken (34) frå Harstad, har vore med sidan 2013

– Å delta på NaNoWriMo gir meg eit spark bak, og hjelper meg til å utvikle skrivestilen min.

– Det er betre å skrive litt kvar dag enn mykje nokre få dagar i veka, men dersom eg planlegg for mykje, føler eg ikkje at historia veks med meg meda eg skriv.

– Har du tips til nye skrivarar?

– Berre kast deg inn! Å skrive litt er bra nok, og NaNoWriMo har ein rekke verktøy som kan gi deg inspirasjon og tips undervegs!


Anette Kirkvik (25) frå Tromsø, har vore med sidan 2009

– Eg deltek på ordkrigane som vert arrangert på skrivemøta, og då får eg som oftast eit godt forsprang på grensa for alle orda eg må skrive kvar dag. Dersom eg er skikkeleg i siget kan eg klare 1000 ord på 15-20 minutt.

– Ja, eg har ein forfattarspire i magen. Eg vil gjerne skrive fantasy og science-fiction for ungdom.

– Har du tips til nye skrivarar?

– Eit godt tips er å prøve å få forsprang dei første dagane i november. Det er ofte då du er mest inspirert og gira på å skrive, og dermed treng du ikkje å få dårleg samvit eller bli stressa om du må ta deg ein pause ein dag eller to seinare.


Eirin Dahl (32) frå Trondheim, har vore med sidan 2011

– NaNoWriMo var noko som verka nesten magisk. Eg ville gjerne prøve å skrive ein heil roman, og NaNoWriMo hjelpte meg til å oppfylle det målet.

– Eg planlegg ingenting, og er av dei som vert kalla «pantser» (from the seat of my pants), i motsetnad til dei vi kallar for «planners». Karakterane mine tek nesten alltid over historia, og eg heng berre med på lasset.

 – Eg vert ikkje skremt av den magiske grensa på 50.000 ord. I fjor skreiv eg 230.000 ord, mykje av det takka vere det fantastiske sosiale og støttande nettverket som eksisterer rundt NaNoWriMo.

– Har du tips til nye skrivarar?

– Skriv! Skriv, og ikkje slett. Det er dødsdom å slette om du vil vinne NaNoWriMo. Sjå framover, aldri bakover.

Er du interessert i å prøve å skrive ein roman på 30 dagar? Sjekk ut Facebook-gruppa NaNo Noreg, eller diskusjonsforumet på nanowrimo.org. Der står det ei rekke erfarne skrivarar klare til å hjelpe deg med romanen din.

LES SAKA: Frøydis (14) skal skrive ein roman på 30 dagar

Faktaboks

• Sommaren 1999 deltok 21 skrivelystne amerikanarar i den aller fyrste National Novel Writing Month (NaNoWriMo).
• Ti år seinare var det nesten 120.000 deltakarar. Over 20.000 fullførte målet om å skrive 50.000 ord på 30 dagar.
• No har NaNoWriMo vorte eit globalt fenomen, og samlar nærare ein halv million skrivelystne til ein månad med frustrasjon og skriveglede.
• Over 250 romanar er publisert frå utkast produsert under skrivemånaden.
• For personar under 17 år finnast også NaNoWriMo Young Writers Program. Der kan du sjølv bestemme kva målet ditt er.