Det er eigentlig berre to unnskyldningar som dug. Unnskyld, forklaringar. Det er eigentlig berre to forklaringar som dug.

mm

Det er legen sin feil, sjølvsagt. Det er den eine. Men den andre forklaringa som dug, er betre:

Kven av oss kan med handa på hjertet seie at vi ikkje har gjort det same?

Det er den forklaringa Trump og folka hans har brukt etter at det kom fram kva han snakkar om når han trur mikrofonen er slått av. Eg er ikkje stolt, men det er berre garderobeprat, sa Trump sjølv seks hundre gonger i sist debatt. Vi har vel alle sagt ting vi håper skal forbli private, har støttespelarane hans sagt. «Privat gubbesamtale med griseprat, det har alle menn vært borti,» sa Carl I. Hagen til Trumps forsvar.

Og det er nettopp det. Vi har jo alle gjort dette. Vi kan prøve å påstå noko anna, men alle vi menn veit med oss sjølve at viss vi blir sittande ved sida av ein annan mann i ein buss, så går det maksimalt femten sekund før vi legg alt håret i ein underlig ball på hovudet og begynner å snakke om kjønnsorgan.

Ærlig talt: Kor mange av oss kan med handa på hjertet seie at vi aldri har nytta høvet til å skryte litt av seksuelle overgrep viss vi har hatt eit minutt å slå i hel?

Kva skulle vi elles snakka om? Veret?

Her ein dag var eg i eit møte. Vi er to menn og ei kvinne som jobbar saman på eit prosjekt. Dessverre var den kvinnelige møtedeltakaren litt forsinka, så vi to mennene blei sittande åleine på møterommet i nokre minutt. Her er samtalen vi hadde:

HAN: God morgon.
EG: God morgon. Overgrep?
HAN: Overgrep. Grafsing.
EG: Kjønnsorgan.
HAN: Kjønnsorgan, grafsing, overgrep.
EG: Overgrep, overgrep, overgrep.
HAN: Grafsing! Tafsing.

(Den kvinnelige møtedeltakaren kjem inn)

HAN: Hei. Lenge sidan sist.
HO: Beklager at eg er for sein.
EG: Ikkje tenk på det. Klem?
HAN: Lese den siste Ferrante-boka, eller?
HO: Har ikkje fått tid til det enno, dessverre.
HAN: Eg slukte ho med ein gong ho kom på norsk. Det er så bra. Og du merkar nesten ikkje at det er på nynorsk.
EG og HO (i kor:) Er det på nynorsk?

For ikkje lenge sidan møtte eg ein gammal klassekamerat på gata. Heilt tilfeldig. Vi hadde ikkje sett kvarandre på i alle fall tjue år. Vi gav kvarandre ein god klem. Så gjekk vi på ein nyopna restaurant i nærleiken, bestilte ein god vin og nokre aldeles nydelige smårettar. Der var østers. Der var Iberico-skinke. Og praten gjekk lett. Det var som om vi hadde vore saman kvar dag dei siste tjue åra. Vi berre tok opp att samtalen der vi slapp han sist, ein gong på nittitalet, og snakka om akkurat dei same tinga som vi snakka saman om i heile oppveksten. Vi skrytte av damer vi hadde forgripe oss mot. Vi fortalde om damer vi hadde tatt på mot deira vilje. Det var kjønnsorgan.

Det var grafsing. Vi bestilte fleire smårettar. Meir vin. Timane gjekk. Då vi omsider gjekk kvar til vårt, hadde det blitt stengetid. Vi klemte kvarandre og lovte at det ikkje skulle bli tjue år til neste gong.

«Tusen takk for i kveld,» ropte han etter meg då eg gjekk.

«Overgrep,» svarte eg.

Då eg rusla heimover denne kvelden, lykkelig og småfull i haustnatta, tenkte eg på denne gamle klassekameraten som eg nettopp hadde møtt. Skal tru kva slags liv han lever no? Kvar bur han? Kva driv han med? Er han gift? Har han barn? Eg veit ikkje. Vi snakka ikkje om noko av dette.

Her ein dag skulle eg fornye passet mitt, og blei sitjande i kø ved sida av ein mann eg aldri har møtt før. Vi tok kvarandre i handa og begynte å småprate:

HAN: Ser ut til at vi blir sittande her ei stund.
EG: Ser sånn ut.
HAN: Skal vi slå i hel tida med å skryte av seksuelle overgrep, eller?
EG: Trudde aldri du skulle spørje.

Og tida flaug.

Vi er ikkje stolte av det. Men slik er det. Det veit vi alle.


Først publisert i Aftenposten 15. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12
ANNONSE