Høgskulane og universiteta ferdig slanka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgskulane er ferdig slanka

Fredag slår regjeringa saman Høgskolen i Hedmark og Høgskolen på Lillehammer til den nye Høgskolen Innlandet. Med det har 33 av høgskulane og universiteta i landet blitt til 21 gjennom sju ulike fusjonar etter at kunnskapsministeren drog i gang ei strukturreform av høgare utdanning for eitt og eit halvt år sidan. I tillegg har fire private høgskular slått seg saman til éin.

– Dette er så langt vi kjem i denne perioden, og det er vi godt fornøgde med. Dette er ei av dei største reformene av høgare utdanning på 20 år, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NTB.

LES OGSÅ: Høgskule-rapport hoppar bukk over språkspørsmålet 

Saknar nokon
Fem av fusjonane er allereie gjennomførte, medan tre av fusjonane trer i kraft frå nyåret. 13 institusjonar blir verande i si noverande form. Isaksen seier han gjerne skulle sett at fleire av dei minste høgskulane hadde slått seg saman, og peikar særleg mot Høgskulen i Volda, Høgskolen i Østfold og Høgskolen i Molde.

– Men vi kjem ikkje til å presse meir på for å tvinge dei saman med nokon andre. Med tanke på kor stor motstand det var mange stader i starten, er vi godt fornøgde med kor langt vi har kome, seier Isaksen.

Han meiner dei mange samanslåingane har vore nødvendige fordi sektoren var prega av for mange små og fragmenterte fagmiljø som gav for dårleg forsking og svak kvalitet på undervisninga.

– Med færre og større institusjonar er det større moglegheit til å satse, spisse innsatsen og få høgare kvalitet. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Fusjonar er ingen garanti for betre kvalitet, så dei nye institusjonane må gjere ein innsats, strekar han under.

Isaksen seier han vil kome med ei stortingsmelding om kvalitet i høgare utdanning på nyåret for å sikre at dei samanslegne einingane gir betre kvalitet.

LES OGSÅ: Høgskular i distrikta har størst auke 

– Over all forventning
Styreleiaren i Universitets- og Høgskulerådet (UHR), Vidar L. Haanes, seier det er klokt at kunnskapsministeren no gir seg med å presse fram fleire fusjonar.

– Vi skal ikkje ha fusjonar berre for fusjonen si skuld, og det betyr at det ikkje vil kome meir press mot dei enkeltinstitusjonane som ikkje har ønskt samanslåingar. Eg synest det er bra at det framleis skal stå att nokre av dei klassiske små høgskulane og at ikkje alle institusjonane er like, seier Haanes til NTB.

Han lovprisar samtidig kunnskapsministeren for å ha gjennomført strukturendringane på ein «forbausande rask og god måte».

– Eg vil seie reforma har gått over all forventning, seier han.

For dårleg finansiering av fusjonane er like fullt eit ankepunkt frå UHR si side. Ulike rettar knytt til forskingsfri for tilsette frå høvesvis høgskulane og universiteta i dei nye samanslegne institusjonane, er ei anna uløyst utfordring, seier Haanes. (©NPK)