No kan elevar spela om regjeringsmakta
Stortinget har laga eit spel som byggjer på pensum i samfunnsfag og historie. I oktober får alle ungdomsskular og vidaregåande skular tilsendt spelet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spelarane er partileiar for kvar sine parti og deltek i alliansar for å fella motstandarane sine. Laget i opposisjon kjempar om regjeringsmakta, medan laget i regjering skal halda på makta.
Blant emna elevane kan læra meir om er mistillits- og kabinettspørsmål, og maktfordelinga mellom Stortinget og regjeringa.
Spelet inneheld over 600 spørsmål frå pensum i historie og samfunnsfag.
– Det ligg mykje læring i å forstå korleis Stortinget fungerer, sa Trond Giske til Stortinget.no då han prøvde spelet saman med skuleelevar og andre politikarar. (©NPK)