Fylkespolitikar vil flytte Molde til Oppland

Vil dela Møre og Romsdal i tre.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil flytte Molde til Oppland

Fylkespolitikar Randi Asbjørnsen i Sunnmørslista Tverrpolitisk liste vil dela Møre og Romsdal i tre og la Sunnmøre gå saman med fylka i sør, Romsdal med Oppland og Nordmøre med Trøndelag.

Møre og Romsdal fylkeskommune har alt bestemt seg for å halda fram åleine, men Asbjørnsen vil gjera eit nytt forsøk på å få fylkespolitikarane til å tenkje over saka under fylkestingsmøtet i Geiranger 17. oktober, skriv Vikebladet Vestposten.

– Kven av innbyggjarane våre definerer seg som møre-og-romsdalingar? Så vidt eg veit, ingen. Me definerer oss som nordmøringar, romsdalingar og sunnmøringar, skriv Asbjørnsen i ein interpellasjon til fylkestinget.

Asbjørnsen er òg open for at heile fylket alternativt slår seg saman med Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden. Bakgrunnen for framlegget er at ho uansett ikkje trur Møre og Romsdal får oppfylt ønsket sitt om åleinegang.

– Eg kan vanskeleg sjå at Møre og Romsdal får halde fram som eige fylke eller region. I så fall, det å vere ein miniregion saman med gigantar gir ikkje store makta, og endå mindre makt blir det om fleire nordmørskommunar blir ein del av Trøndelag, skriv Asbjørnsen. (©NPK)