Ungdomsmøte ber Kyrkja droppe dame- og herretoalett
Ungdommens kyrkjemøte meiner Den norske kyrkja må ta betre imot menneske med ulik kjønnsidentitet. Som ei symbolhandling vil dei droppe skilta med dame- og herretoalett.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha kjønnsnøytrale toalett i kyrkja
Vårt Land skriv at oppmodinga frå Ungdommens kyrkjemøte lyder slik: Ha universelt forma ut toalett i kyrkjelege lokale, ved til dømes å fjerne skilta, eller berre ha skilt der det står WC eller Toalett.
– Eit enkelt og lett gjennomførbart tiltak som betyr mykje, seier Frøydis Indgjerdingen, leiar i Ufung, som er Kyrkjerådets utval for ungdomsspørsmål. Dei følgjer opp vedtaka frå Ungdommens kyrkjemøte der strategiplanen for likestilling mellom kjønna i Den norske kyrkja blei behandla.
Ungdommens kyrkjemøte meiner Kyrkja ikkje har vore flinke nok til å gi rom for menneske med ulike kjønnsuttrykk og ulike kjønnsidentitetar. Ein meir kjønnsnøytral språkbruk er eitt av tiltaka ungdomspolitikarane i Kyrkja føreslår. I tillegg føreslår dei å lage møteplassar, arbeide med haldningar og legge til rette for samtalar med ungdom om kjønn og identitet. (©NPK)
LES OGSÅ: Det transkjønna popikonet Anohni vil ha folk til å handle