Er du den beste gründeren i Sogn og Fjordane?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du den beste gründeren i Sogn?

For å få prisen må ein vera mellom 18 og 35 år, busett i Sogn og Fjordane, og ha etablert ei verksemd dei siste fem åra.

Juryen vurderer ulike kriterium, som til dømes omsetnad og arbeidsplassar, teknologisk nyskaping, utnytting av nisjar, etablering av kvinnelege arbeidsplassar, og mykje anna som gjer verksemda spesiell.

Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember, og fristen for å senda inn framlegg er 13. november. Ein kan nominera seg sjølv. I fjor fekk SGN Skis frå Sogndal prisen som har vorte delt ut sidan 2006. (©NPK)