Stipendet vert utvida med éi veke i 2017

Norsk studentorganisasjon jublar for opptrapping av studiestøtta. Men regjeringa vil finansiere auken med å heve studierenta.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for auka studiestøtte

– Det er ein historisk viktig dag for studentrørsla når vi endeleg kan starta på første etappe mot 11 månadars studiestøtte, uttaler Marianne Andenæs, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Studentar går kraftig i minus

Juni 2017
I fjor vart regjeringa, KrF og Venstre einige om å føreslå ein plan for opptrapping til 11 månadars studiestøtte.

Andenæs rosar regjeringa for å følgja opp avtalen og halda fram å betra studentøkonomien sjølv i et stramt budsjettår.

Regjeringa har i sitt budsjettforslag sett av 140 millionar kroner for at norske studentar frå juni 2017 skal få éi veke ekstra i studiestøtte. Frå 2020 skal alle studentar ha rett på 11 månadars studiestøtte, noko som vil kosta staten 600 millionar ekstra årleg.

Norske studentar kan i dag få 103 950 kroner i stipend og lån frå Lånekassen. Budsjettforslaget for neste år inneberer ei auke på 2,3 prosent i studiestøtta.

Men regjeringa foreslår regjeringa òg å auka studielånsrenta med 0,35 prosent og avvikla reisestipendet for reiser i Noreg og Norden.  

Leiar av studentparlamentet ved UiB, Håkon Randgaard Mikalsen, seier difor til NRK.no at den ekstra veka med studiestøtte er misvisande.

– Regjeringa kan ikkje skryte av at dei gir studentane ei ekstra veke med studiestøtte når de hentar igjen desse pengane alle dei andre vekene av året, seier Randgaard Mikalsen, som håpar Venstre og Krf vil ta grep i det reviderte utkastet.

Studentbustadar
Regjeringa har òg prioritert pengar til bygging av 2200 studentbustadar til neste år.

– Det er ingen tvil om at behovet for studentbustadar framleis er stort. I haust stod over 10 000 studentar i kø hos studentsamskipnadane. Vårt krav er 3000 studentbustadar, seier Andenæs.

NSO vil difor utfordra samarbeidspartia til å halde fram å prioritera studentane i budsjettforhandlingane.