Varmaste september på 116 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Særleg Vestlandet har hatt enkeltdagar med svært høge temperaturar, og både Bergen og Stavanger har hatt nye maksimumstemperaturar.

– Begge byane har hatt høgare middeltemperatur i september enn i juli, seier vakthavande meteorolog Terje Alsvik Walløe ved Meteorologisk institutt til NTB.

– Det har jamt over vore mykje sørlege vinder som har ført med seg varm luft frå sørlege breiddegrader. Det har nesten ikkje vore nokon nordavind i september i år i det heile tatt, forklarer meteorologen.