Menneskerettsdomstolen granskar sju norske barnevernssaker
Regjeringsadvokaten stadfestar at Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) skal granske sju norske barnevernssaker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Granskar sju barnevernssaker
– Det ser ut til at EMD er ute etter å prøve norsk barnevern, og om vi tek nok omsyn til vernet om familielivet etter EMK (den europeiske menneskerettskonvensjonen), seier Christian Reusch, leiande advokat hos Regjeringsadvokaten, til Dagbladet.
Ei sak handlar om tvangsadopsjon, medan ei anna handlar om tiltak sett i verk av barnevernsstyresmakter overfor ein polsk statsborgar busett i Noreg, og om desse tiltaka strir mot retten hennar til familieliv.
Den tredje saka er ei fosterheimsak, den fjerde er ei sak fremma av ei norsk romkvinne, med påstand om krenking av retten til familieliv fordi ho ikkje får ha kontakt med dottera si.
Den femte saka reiser spørsmål om diverse tiltak, blant anna om vedtaket om adopsjon av dei to barna til klagaren, inneber krenking av retten mora har til familieliv.
Det er framleis uklart kva dei to andre sakene handlar om. (©NPK)