Kuwait sitt DNA-register vil inkludere minst 59 nordmenn

mm

Kuwait planlegg å lagre DNA frå alle innbyggjarar og turistar som besøker landet. Datatilsynet og bioteknologirådet er uroa for misbruk av registeret.

Misbruk av data
– Det å innføre DNA-testing av heile befolkinga, inkludert alle besøkande, er svært inngripande, seier Ove Skåra, kommunikasjonsdirektør  i Datatilsynet. Det ligg sjølvsagt eit betydeleg misbrukspotensiale i dette, fortsett han.

– Eit DNA-register kan mellom anna nyttast til å avgjere etnisitet eller slektskap. Faren er at slik informasjon vert nytta til å diskriminere mellom ulike folkgrupper, seier Elisabeth Larsen, seniorrådgivar i Bioteknologirådet.

– Data fra registeret kan også misbrukast på anna vis, for eksempel kan det være mulig å selge data frå DNA-registeret til private aktørar innen farmasøytisk industri, fortsett Larsen.

Norsk lov åpnar for å lagre DNA frå straffedømte personar.

– DNA-analyse er svært viktig i straffesaker, og Noreg har hatt god erfaring med å nytte DNA som bevismateriale heilt sidan åttitalet, fortel Larsen.  

Gjeld 59 nordmenn
– Nordmenn som er på reise eller busett i eit anna land er underlagt lokale lover og reglar under opphaldet, svarar ambassadesekretær ved ambassaden i Abu Dhabi, Siri Borgen. Ambassaden har registrert 59 norske borgarar med lovleg opphald i Kuwait. Desse personane vil måtte levere frå seg ein spyttprøve til DNA-registeret.

– Det er sjølvsagt svært problematisk å måtte avgi DNA-et sitt til eit framand regime, men det er Kuwait som set reglane for innreise til landet, seier Borgen.

Kvar enkelt må difor gjere si eiga vurdering om ein skal reise dit eller ikkje.

– Vil du reise til Kuwait for å legge att ein spyttprøve i DNA-registeret deira?

– Eg vil være skepstisk til å reise til eit land kor eg må avgi ein DNA prøve, avsluttar Elisabeth Larsen.

LES OGSÅ: Kva må vi passe oss for på nett?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE