Sjeldan bie tilbake etter 60 år
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
No skal Norsk institutt for naturforsking lage ein eigen skjøtselsplan for å prøve å redde den kritisk trua biearten.
– Bia stiller strenge krav fordi ho eigentleg berre har éin vertsplante. Raudknapp-blomen er relativt vanleg, men den må vekse på sandhaldige plassar. Det er utfordringa, og derfor er bia sårbar, forklarer miljørådgjevar Arnstein Knutsen Engemyr hos Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder til NRK.
Førre gong raudknappsandbie var registrert i Aust-Agder, var på midten av 1950-talet. Så var det stille i mange år, før ho plutseleg dukka opp igjen i eit sandtak i Grimstad for fire år sidan.
No er arten også funnen to stader på Tromøy i Arendal, i tillegg til Kammerfoss i Kragerø, Fredriksten festning i Halden og Aurtjern i Ullensaker. (©NPK)